NRK Meny
Normal

Fleire Høgre-politikarar trekkjer seg

Ein politisk rådgjevar i byrådsavdelinga for barnehage og skule i Bergen har i dag varsla ønskje om å fråtre si stilling. Tre medlemar i arbeidsutvalet til Unge Høgre i Hordaland har også trekt seg.

Bergen Rådhus

GÅR AV: Ein politisk rådgjevar i Bergen kommune har i dag valt i fråtre si stilling.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Harald Victor Hove

RÅDGJEVAR SA OPP: Byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove, var i dag i eit møte med rådgjevaren.

Foto: Stine Mari Sæle / NRK

Vedkomande var fredag i avhøyr hos politiet i samband med den pågåande narkotikasaka i Bergen. Personen har status som mistenkt i saka.

Byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove i Høgre, seier at han blei orientert om dette i dag.

– Eg har valt i kome dette ønskje i møte, seier Hove.

Tre arbeidsutvalsmedlemar har trekt seg i dag

Også tre medlem i arbeidsutvalet til Hordaland Unge Høgre har trekt seg i dag. Dei tre var alle i avhøyr med politiet i samband med narkosaka torsdag og fredag.

– Vi fekk i dag beskjed om at tre personar ville seie opp sine verv. Vi vil kalle inn til ei ekstraordinær generalforsamling i fylkeslaget innan kort tid, seier generalsekretær i Unge Høgre, Christopher Amundsen Wand i ei pressemelding.

NRK har fleire gongar i dag vore i kontakt med Wand, som ikkje ville svare på kvifor leiinga i Hordaland og Bergen Unge Høgre har vore tause i saka. Heller ingen andre i leiinga til ungdomspartiet, verken nasjonalt eller lokalt, har vore mogeleg å nå i kveld.

(Artikkelen held fram under videoen)

Byråd for barnehage og skole, Harald Victor Hove, om avgått politisk rådgjevar.

VIDEO: Sjå intervjuet med byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove, om avgått rådgjevar.

Ba om å få gå

Så langt er seks personar tilknytt Høgre i Bergen involvert i saka. Mellom anna har Erik Skutle, som sit på hordalandsbenken i Stortinget, sagt ifrå seg alle partiverv.

Den politiske rådgjevaren og Hove har i dag har i dag vore i eit møte der vedkomande bad om å få seie opp stillinga si.

– Årsaka til at personen ønskte å seie frå seg stillinga er statusen som mistenkt i narkotikasaka. Vedkomande har følt det å vere involvert i denne saka som eit stort press, fortel Hove.

–Trist å miste ein god kollega

Byråden gjer uttrykk for at han synest det er trasig å miste rådgjevaren, men omtalar valet om å imøtekome ønskje som klokt.

– Med tanke på statusen vedkomande har i saka, så såg vi på det som den beste løysinga. Når ein er politisk rådgjevar er det svært viktig å vere komfortabel med tanke på den tilliten og det omfanget ein slik jobb har, seier Hove.

– Dei har tatt dårlege val

Kva det endeleg utfallet for den politiske rådgjevaren vil bli er endå uklart. Det er ikkje stadfesta at personen har tilstått noko i avhøyra med politiet, eller om statusen som mistenkt er endra.

– Det er viktig for oss å ta vare på dei som er involverte i saka. Det er gode menneske som har tatt nokre dårlege val, seier Hove.

NRK.no har i dag fleire gongar forsøkt å nå den politiske rådgjevaren etter avhøyra med politiet.

Bergens Tidende skriv i kveld at John Christian Elden er advokaten til rådgjevaren.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik