NRK Meny
Normal

Hestetun gjer politisk comeback

Tidlegare byråd i Bergen, Anne Gine Hestetun er innstilt som fylkesordførarkandidat for Hordaland Arbeidarparti.

Anne Gine Hestetun

PÅ VEG TILBAKE: Hordaland Arbeidarparti vil ha Anne Gine Hestetun som kandidat til fylkesordførar. Regiondirektøren i OBOS Hordaland er tidlegare byråd i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Nominasjonsnemnda til Hordaland Arbeidarparti har sett 51-åringen på førsteplass. Innstillinga er samrøystes.

– Hordaland fylkes står ovanfor store utfordringar i åra som kjem, og Anne Gine Hestetun er den rette kvinna ved roret i Hordaland, seier leiar i nominasjonsnemnda, Marte Mjøs Persen, i ei pressemelding måndag.

Hestetun er i dag regiondirektør for OBOS Hordaland, som i haust fusjonerte med StorBergen bustadbyggjelag. Til NRK seier ho at det passar bra å returnera til politikken.

– Eg har vore i bustadbyggjelaget i snart sju år, og var tilsett der for å omstilla bedrifta. Det har eg gjort, så då er timinga god til å få gjort noko anna.

Glad for moglegheita

Tidlegare har ho vore byråd i Bergen, først for administrasjon og deretter for skule, barnehage og idrett. No har ho takka ja til å vera Ap sin fylkesordførarkandidat til fylkestingvalet neste år.

– Det er klart det er kjekt å bli rekna med og eg er veldig glad for at eg har fått denne moglegheita frå partiet. Så blir det opp til nominasjonsmøtet 1. november om dei vil støtta kandidaturet mitt.

Resten av lista til nominasjonsnemnda i Hordaland Ap ser slik ut:

  • 2) Sveinung Valle (56)
  • 3) Siri Klokkerstuen (55)
  • 4) Rasmus Laupsa Rasmussen (28)
  • 5) Kari Bernadini

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2