Hopp til innhold

Politioppdrag: Fyll, urinering og promillekøyring

Det har vore fyll og bråk i Hordaland i natt. Overstadig rusa, urinering og promillekøyring var nokre av oppdraga politiet har vore ute på.

Politibil - illustrasjon

VINGLETE KØYRING: Ein mann, i byrjinga av 20-åra, køyrde vinglete og på raudt lys ved Bergen kino i Bergen sentrum. Det er mistanke om promillekøyring og sak er oppretta.

Foto: Illustrasjonsfoto / Scanpix

Politiet i Hordaland har vore på fleire oppdrag i løpet av kvelden og natta.

Kl 07.12: Ein mann, i byrjinga av 20-åra, køyrde vinglete og på raudt lys ved Bergen kino i Bergen sentrum. Det er mistanke om promillekøyring og sak er oppretta.

Kl 06.39; Ein mann i midten av 50 åra blei henta av luftambulanse etter å ha køyrt av vegen i Radøy kommune søndag morgon. Politiet fekk melding klokka 06.39. Mannen skal vere skadd i hofta og ha nokre sår. Det er mistanke om promillekøyring.

Kl 03.53: Meldt om promillekøyring på Bømlo. Bileigar, ein mann i 30 åra, hevda ovanfor politiet at ein ukjend mann hadde køyrd bilen, men vart ikkje trudd. Mannen vart tatt med til legevakta for blodprøve. Mannen er meldt for køyring i rusa tilstand og førarkortet er beslaglagt.

Kl 02.34: Ein mann i 20 åra forsøkt vist bort frå Leirvik sentrum, då han ikkje var ønskja på utestaden. Mannen vart aggressiv mot politiet. Han er meldt for ordensforstyrring og forulemping av offentleg tenestemenn.

Kl 02.22: Ein mann i 20 åra, meldt for urinering på offentleg stad, då han urinerte på veggen på utsida av eit utestad i Leirvik sentrum på Stord.

Kl 23.10: Ein bil hadde køyrt av vegen på Fv 545, på grensa mellom Stord og Fitjar. Politi og ambulanse rykka ut til staden. 5 ungdommar i bilen. Ingen alvorleg personskade. Ikkje mistanke om rus. 2 passasjerar i bilen er tatt med til sjukehus for sjekk.

I løpet av natta har Hordaland politidistrikt i tillegg frakta tre personar i arresten for ordensforstyrring.

Laster Twitter-innhold