Hopp til innhold

Politimeisteren: – Overgrep mot born viktigare enn narkobakmenn

– Vi har hatt mange alvorlege overgrepssaker mot born dei siste åra og måtte prioritera ned saker om alvorleg narkotikakriminalitet, seier politimeisteren i Vest politidistrikt.

Politimester Kaare Songstad les VG-artikkelen

FÅR KRITIKK: Politimeister Kaare Songstad les VGs artikkel om den nye varslingssaka i Vest politidistrikt.

Foto: Stian S. Røkenes / NRK

VG fortalde laurdag at ein erfaren tenestemann i Vest politidistrikt i april slo alarm om kritikkverdige forhold i Vest politidistrikt.

I ein varslingsrapport på 52 sider skildrar han korleis spanarane ved Seksjon for bekjempelse av organisert kriminalitet i fleire år på grunn av ressursmangel har hatt ståande ordre om ikkje å gripa inn mot grove narkotikalovbrot.

Leiaren av justiskomiteen på Stortinget, Hadia Tajik (Ap), er blant dei som kritiserer nedprioriteringa.

– Viss det er rett, inneber det grov tenesteunnlating, seier ho.

– Måtte ta grep

Politimeister Kaare Songstad seier til NRK laurdag ettermiddag at ei omprioritering har vore naudsynt.

– Vi har hatt utfordringar med saksavvikling og etterslep på særleg alvorlege kriminalitetsområde i åra 2013–15. Derfor har folk som vanlegvis jobbar med narkotikakriminalitet heller måtta jobba med mange overgrepssaker mot born.

– Vi måtte gjera grep for å få ned saksmengda.

Samstundes med denne omprioriteringa har narkomane sidan 2014 vore stengd ute frå Nygårdsparken der mykje bruk og sal gjekk føre seg tidlegare.

Nygårdsparken

STENGT OG NEDPRIORITERT: Den etablerte staden for narkotikasal i Nygårdsparken vart sperra av samstundes som politiet nedprioriterte etterforsking av alvorleg narkotikakriminalitet.

– Narko er mindre alvorleg

Songstad avviser at omprioriteringa berre har ramma narkotikasakene.

– Det har vore ei heilskapleg tilnærming. Fleire saktypar vart omprioritert for å skaffa oss handlingsrom.

– Korleis vurderer du trugsmålet frå kriminelle narkotikanettverk?

– Det er alltid eit trugsmål i ein by som Bergen, og det er viktig at politiet følgjer med og slår til. Men vi følgjer også nøye med på andre nettverk, som vi for tida vurderer som meir alvorleg enn alvorleg narkotikakriminalitet.

– Blir dermed etterretningsrapportane om narkotikasaker ikkje følgt opp?

– Jo, men perioden 2013–15 var situasjonen spesiell. Vi prioriterer nok desse sakene annleis i åra framover.

Varslingssaka om manglande narkotikaetterforsking kjem på toppen av fleire år med varslingssaker i Vest politidistrikt. Den mest kjende er Robin Schaefers varsling i Monikasaka.

Forstår frustrasjonen

At 13 kollegaer av varslaren støttar hans framstilling, kommenterer Songstad slik:

– Omprioriteringane har vore omstridd, og eg forstår godt at det kan skapa frustrasjon. Det er utfordrande for leiinga å forklara kvifor vi måtte bruka desse ressursane på andre område.

Politimester Kaare Songstad

OMSTRIDD: Politimeister Kaare Songstad vedgår at det er utfordrande å forklara at alvorleg narkotikakriminalitet har blitt prioritert ned.

Foto: Stian S. Røkenes / NRK

Ifølge Riksadvokatens prioriteringsliste er internasjonal organisert kriminalitet, medrekna alvorlege narkotikalovbrot, ein prioritert sakstype.

– Har Vest politidistrikt eigne prioriteringar?

– Nei, dette er prioritert også hos oss, men i denne perioden altså mindre for å handtera meir alvorleg kriminalitet, spesielt overgrep mot born.

Songstad forsikrar at tenestemannen som slo alarm har blitt behandla som varslar frå dag éin.

– Det har vore mi oppgåve å handtera varselet på ein ordentleg måte.

Spesialeininga for politisaker skal no undersøka om bergenspolitiet har gjort noko straffbart ved å nedprioritera alvorlege narkotikasaker, opplyser leiar Jan Egil Presthus til VG.