NRK Meny
Normal

Politimeister: – Me må ta lærdom av Isehaugs erfaringar

Rigmor Isehaug sluttar i jobben etter Monika-saka. – Eg forstår at Isehaug har opplevd Monika-saka som belastande, seier konstituert politimeister John Reidar Nilsen.

John Reidar Nilsen

– MÅ LÆRE AV ERFARINGANE: John Reidar Nilsen tok over som konstituert politimeister i Hordaland då Geir Gudmundsen i februar trådde til side.

Foto: Kari Nygard Tvilde

I dag blei det klart at Rigmor Isehaug sluttar som leiar for vold- og sedelighetsavdelingen etter 37 år i politiet på grunn av Monika-saka.

I ei pressemelding skriv konstituert politimeister John Reidar Nilsen at han forstår at Monika-saka har vore tung for Isehaug.

Rigmor Isehaug

SLUTTAR: Rigmor Isehaug har sagt opp jobben som leiar for vald- og sedeligheitsavdelingen i Hordaland politidistrikt.

Foto: NRK

– Eg er kjent med Isehaugs oppseiing og forstår at Isehaug har opplevd Monika-saka som belastande. Avgjersla hennar og den nærmare grunngjevinga tek eg til etterretning.

– Det er viktig at me som politidistrikt kan dra lærdom av hennar erfaringar, skriv Nilsen vidare.

BAKGRUNN: Les alt om Monika-saka

Seier opp etter Monika-saka

Isehaug var lenge sjef for etterforskaren Robin Schaefer, som varsla om alvorlege feil i etterforskinga av dødsfallet til åtte år gamle Monika Sviglinskaja. Ho har også vore ein av dei som har støtta Schaefer i å få etterforskinga opna att.

Robin Schaefer

VARSLA: Etterforskar Robin Schaefer varsla om at etterforskinga av Monika saka burde bli opna att.

Foto: Helge Skodvin

Isehaug sende Schaefers rapport vidare til leiinga i Hordaland politidistrikt. Der anbefalte ho dei å sende saka til Kripos for ny vurdering, men blei bedt om å be Schaefer halde seg unna saka.

– Eg har komme til at nok er nok. Eg føler eg har mista stå på-viljen og motivasjonen det siste halvanna året. Dette knyter seg opp til forsøka på å få Monika-saka opna att, forklarar Isehaug overfor Bergensavisen.

Isehaug leverte oppseiinga i mars og sluttar i jobben i juni i år.

LES OGSÅ: Rapport: Politiets etterforskning av Monika-saken var for dårlig

Siste video

Da Tony Martin syklet opp Fløyen grep politiet inn mot en tilskuer som kom for nærme.
Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.