At småbruka forsvinn skuldast bevisst politikk frå myndigheitene si side som støttar storprodusentane. Det meiner leiar i Hordaland bonde- og småbrukerlag, Arne Lofthus.
- Det er ein veldig styrt politikk som småbrukarane på Vestlandet vert utsett for. Både frå myndigheitene og frå visse organisasjonar i landbruket óg.
Han er usamd i at det er kiloprisen på lam som er det avgjerande for at sauebøndene forsvinn frå Vestlandet.
- Turbobønder med blålys
- Samfunnet pøser inn stadig meir pengar i landbruket, men det vert mykje færre bønder. Det er ein vilja politikk mynta på å få vekk ein masse med småbønder, slik at dei som kan drive meir effektivt på eit større areal skal vere dei som er att i landbruket, meiner Lofthus.
Dette meiner han vil føre med seg eit heilt anna landskap der berre dei beste teigane vert stelt. - Då får vi berre turbobønder som rasar rundt med blålys på traktoren for å rekke over mest mogeleg. Det er ein situasjon vi ikkje ønskjer, seier han.