Fylkestinget i Hordaland
Foto: Sølve Rydland / NRK

Politikk i Hordaland

Oppsummert

Her får du det siste om fylkestinget og det som rører seg rundt politikken i Hordaland.

  • Signerte utkast til byvekstavtale

    Etter eit halvanna år med forhandlingar er Bergen og omegnskommunane samde med fylket og staten om forslag til ny byvekstavtale. Avtalen sikrar 13 milliardar kroner til investeringar fram til 2019. No skal den til behandling lokalpolitisk.

    Signering av byvekstavtale desember 2019
    Foto: Åge Algerøy / NRK
  • Samde om å kutte 100 mill.

    Fleirtalet i fylkestinget i nye Vestland fylke er blitt samde om eit budsjett for neste år der det vil verte kutta 100 millionar kroner i drifta. Trass i kutta skriv Ap, SV, Sp, V, MDG og KrF i ei felles pressemelding at dei likevel har klart å skjerme kollektivtrafikken og satse på klima, skulane og kulturlivet. Blant anna vert det gratis skulefrukost til elevane i dei vidaregåande skulane.

    Bak frå venstre Aleksander Øren Heen (Sp), Alfred Bjørlo (V) og Natalia Antonia Golis (MDG). Framme frå venstre Anne Gine Hestetun (Ap), Trude Brosvik (Krf) og Marthe Hammer (SV).
    Foto: Pressefoto
  • Ingen kutt i kollektivavgangar

    Det vert ingen kutt i kollektivavgangar i Vestlandsbudsjettet for 2020, skriv MDG i ei pressemelding. I det opprinnelege budsjettet var det føreslag om å redusera avgangar med Bybanen og bussar i Bergen sentrum.

  • Åpner omsorgssenter ved fjorden

    I dag åpner Ulvik omsorgstun i Ulvik. Det blir et moderne bygg med sansesage ned mot fjorden. – Plasseringen er nesten unik, og vil gi økt livskvalitet for beboerne, sier ordfører Hans Petter Thorbjørnsen (Ap). Innflyttingen skjer 4. desember.

    Ulvik omsorgsstun
    Foto: Ulvik herad
  • Stortingspolitikar nekta Nav-møte

    Arbeids- og sosialdepartementet nekta stortingsrepresentant Mange Rommetveit (Ap) å besøka Nav Sunnhordland på Stord, skriv BT. Rommetveit sit i kontrollkomiteen og ønskte å høyre korleis Nav-tilsette har opplevd haustens skandale.

    Magne Rommetveit
    Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK
Den siste fylkesordføraren i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), sa feil då ho overrekte stafettpinnen vidare til den første fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland (Sp).