Politikarane ville betre bylufta – men i dag går over 10.000 passasjerar i land

BERGEN SENTRUM (NRK): Cruisebyen Bergen set torsdag besøksrekord for 2019, med 2445 fleire passasjerar enn politikarane si grense. – Dette kallar vi «folkeforureining», seier byråden.

To cruiseskip i Skuteviken juni 2019

FULLT: To av fire cruiseskip som kjem til Bergen i dag, var på plass allereie klokka 08 i Skuteviken. Bussane står klare for å frakte passasjerane vidare inn til Bergen sentrum og omland.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Torsdag morgon og føremiddag legg fire store cruiseskip til kai i Bergen. Til saman har dei med seg 10.445 passasjerar – som blir rekorden for 2019-sesongen.

Det skjer trass i at bystyret i Bergen har vedteke at det ikkje bør vere fleire enn tre skip med til saman 8000 passasjerar på ein gong i Noregs travlaste cruisehamn.

Sjølv om bergensvêret viser seg frå ei varm og fin side torsdag, gler ikkje klimabyråd Julie Andersland (V) seg veldig over at byen torsdag set ny dagsrekord i cruisetrafikken for 2019.

– Ingen får ei god oppleving når det er så mange folk. Det vert trengsel og køar. Det vi kallar «folkeforureining», seier ho.

Byråd Julie Andersland

VIL HA HJELP FRÅ NÆRINGA: Klimabyråd Julie Andersland (V) vil helst unngå slike cruisedagar som Bergen skal ha i dag.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Samarbeider med reiarlaga

Også i andre kjente cruisehamner strammar dei grepet om kor mange og kven som får lov å komme. I Flåm har mange kansellert anløpa grunna strenge miljøkrav.

Bergen har i mange år hatt eit veldig trykk frå turistar som kjem sjøvegen. I 2019 skal byen ha 330 cruiseanløp og totalt over 600.000 passasjerar.

Men sjølv om «cruisekontroll» er innført i Bergen, så har eigentleg ikkje politikarane lov til å sette avgrensingar på kor mange cruisepassasjerar byen skal ta i mot.

Byrådet vil helst at loven skal endrast slik at dei sjølv kan bestemme kor mange cruiseturistar dei skal ha.

Innan det skjer, er dei avhengige av velvilje for å få det til.

Bergen Hamn prøver å avgrense trafikken ved å stramme reglane for forureinande skip.

Men eit skip kan ikkje nektast om det insisterer på å komme til kai.

– Vi er glade for at fleire reiarlag no er innstilte på å samarbeide om dette. Det er ingen som er tent med trengsel i Bergen, seier Andersland.

Phil og Heather Lee fra London

LIKAR AT DET ER PLASS: Heather Lee og Phil Lee frå London vitja Bergen onsdag. Då var det ikkje like fullt på Bryggen som det er venta torsdag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fryktar for ryktet

NRK trefte cruiseturistane Phil og Heather Lee like før rushet sette inn.

– Vi liker ikkje køar, seier ekteparet frå London, som har planar om velje vekk dei sentrale delane av byen utover torsdagen.

Reiselivsdirektør Anders Nyland er spent på korleis torsdagen blir i Bergen. Mange kjem til å trekke inn til sentrum i finvêret.

– Om folk opplever at det er for trongt, er det dårleg reklame for Bergen. Vi prøver å få turistane til å ikkje berre besøke sentrum.

Bergen Reiselivslag støtter forsøka på å sette eit makstal på vitjande som kjem på skip.

Men Nyland meiner cruisenæringa kan ha fått eit ufortent dårleg rykte.

– Cruiseskipa får fort skulda fordi dei er så synlege. Men folk må hugse på at dei fleste som er her kjem på andre måtar.

Cruiseskipene ankommer Bergen

TRAVELT: Cruiseskipa kjem til Bergen i hopetal kvart år. I 2019 vil vestlandshovudstaden ha rundt 330 cruiseanløp med totalt 600.000 passasjerar.

Foto: Fred. Olsen Cruise Lines