Hopp til innhold

Politikarane sparka rådmannen på dagen utan grunngjeving

I eit lukka møte tysdag kveld bestemte kommunestyret i Fedje seg for å fjerne rådmann Ingebjørg Vamråk med umiddelbar verknad. Vamråk varslar juridisk etterspel.

Ingebjørg Vamråk og Fedje

SPARKA RÅDMANNEN: Rådmann i den vesle øykommunen Fedje i Hordaland, Ingebjørg Vamråk, er avsett.

Foto: Privat / Fedje kommune

I dag mottok Ingebjørg Vamråk følgjande melding i eit brev frå ordførar Stian Herøy i Fedje kommune: «Kommunestyret gjer vedtak om å setja i verk punkt 14 i arbeidsavtalen mellom Fedje kommune og Ingebjørg Vamråk».

Det betyr at Vamråk får sparken som rådmann i den vesle øykommunen heilt nord i Hordaland. «Ingebjørg Vamråk fråtrer stillinga med umiddelbar verknad», står det i brevet.

– Eg stiller meg temmeleg uforståande til dette. Eg har fått gode tilbakemeldingar og levert så det susar. Eg reagerer sterkt på framgangsmåten, og vil sørga for at dette får eit juridisk etterspel, seier Vamråk til NRK.

– Kva oppfattar du at er grunnen til at kommunestyret kastar deg?

– Eg trur nok at eg har komme for nær nokre gamle og uformelle maktstrukturar i kommunen, seier Vamråk.

Avgjerda om å avsetje rådmannen blei tatt i eit lukka kommunestyremøte tysdag kveld. Vedtaket var samrøystes.

Det blei ikkje sendt ut noko ordinær møteinnkalling eller saksliste før møtet. I staden mottok politikarane ein SMS med beskjed om møtet.

Stian Herøy

ORDFØRAR: Stian Herøy (H).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Inga grunngjeving

Vamråk er frå Høyanger i Sogn og Fjordane, og byrja som rådmann i Fedje 18. juli 2016. Ifølgje heradsstyresaka sa Vamråk ifrå seg oppseiingsvernet i arbeidsmiljølova då ho blei tilsett, og har heller ikkje krav på grunngjeving, ifølgje arbeidsavtalen.

Onsdag 2. mai blei ho kalla inn til eit møte på ordføraren sitt kontor, der ho blei bede om å trekkja seg frå stillinga som rådmann. Dette aksepterte ikkje Vamråk. Dermed enda saka i heradsstyret.

Fedje kommune har ikkje kome nokon formell grunngjeving. I kommunestyresaka frå tysdag kveld går det imidlertid fram at punktet om oppseiing som har blitt brukt, står under overskrifta «Konsekvensar av manglande resultatoppnåing» i arbeidsavtalen med Vamråk.

Vamråk avviser altså at ho ikkje har oppnådd resultat.

– Ei enkeltsak

Vamråk får no etterløn i eit år, og løn ut oppseiingstida på tre månader.

Ordførar Stian Herøy (H) stadfester oppseiinga overfor NRK:

– Kommunestyret har over tid vore misnøgde, så skjedde det eit enkelthending som gjorde at me ønskte å avslutta dette så fort som råd.

– Kva enkelthending er det snakk om?

– Det ønskjer eg i grunn ikkje å uttala meg om, svarar ordføraren.

Herøy er ikkje einig i Vamråk sin kritikk av framgangsmåten.

Fekk lønsauke

Etter det NRK får opplyst, skal politikarane ha vore misnøgde med at fleire personar på rådhuset har slutta i jobbane sine under Vamråk si leiing, noko dei meiner er rådmannen sitt ansvar.

Vamråk kom også i fokus i fjor haust, då ho ifølge Nordhordland fekk ei lønsauke på 30 prosent. Denne auka var det imidlertid politikarane sjølve, i formannskapet, som vedtok.

Plan- og utbyggingssjef Øyvind Tolleshaug er no konstituert som rådmann i Fedje.