Politikarane i Hordaland seier nei til vindkraft på land

Fylkespolitikarane i Hordaland er svært kritiske til den nasjonale ramma for vindkraft, og krev alle areal i fylket fjerna.

Vindkraftanlegget på Midtfjellet, Fitjar

SEIER STOPP: Fylkespolitikarane vil ikkje ha utbygging av meir vindkraft på land, som her på Midtfjellet på Fitjar. Dei ber om at områda i Hordaland blir tatt ut av den nasjonale ramma.

Foto: Siri Løken

Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) la i april fram forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land. No er ramma ute på høyring, og fylkeskommunane er mellom partane som skal få seie sitt.

Onsdag blei saka handsama i utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland.

I innstillinga til fylkestinget går utvalsmedlemma frå alle parti samrøystes imot meir bygging av vindkraft på land i fylket.

«Hordaland fylkeskommune krev at alle areal i Hordaland blir tekne ut av nasjonal ramme for vindkraft. Det er særs omfattande konfliktar knytt til planane», skriv politikarane.

Utvalsleiar Tor André Ljosland (KrF) seier alle partia står bak eit tydeleg nei til vindkraftplanen.

– Vi seier nei til vindkraftplanen og vil ta ut dei to områda i Hordaland. Vi meiner det er store manglar i planen. Naturmangfald, friluftsliv og reiseliv er ikkje godt nok varetatt.

– Stor skepsis

NVE har på oppdrag frå Olje- og energidepartementet peika ut 13 område i Noreg som dei meiner er best eigna for vindkraft.

Mellom dei er Nordhordland og Gulen i Hordaland og Sogn og Fjordane og Sunnhordland og Haugalandet i Hordaland og Rogaland.

Laster kart, vennligst vent...

RAMME: NVE har i framlegget til nasjonal ramme peika ut ei rekke område i Noreg som veleigna for vindkraft. Forslaget er ute på høyring.

– Det er stor skepsis til vindkraftutbygging på land i alle parti. Så har vi peika på alternativ, mellom anna å sjå på vindkraft til havs, seier Ljosland.

Saka skal endeleg handsamast i fylkestinget 1.–2. oktober. I utvalet som no har sagt nei sit representantar for Frp, Arbeidarpartiet, Høgre, KrF, Senterpartiet og Venstre/MDG.

– Dei same partia er representerte med stort fleirtal i fylkestinget. Eg har heller ikkje høyrt at dei andre partia vil vere ueinige, seier Ljosland.

Støttemarsj i Stordalen i Masfjorden, mot vindkraftutbygging

STERK MOTSTAND: Rundt 400 menneske møtte i vår opp i Stordalen i Masfjorden i protest mot store vindkraftplanar i Nordhordland.

Foto: Børge Brundtland / Nordhordland Turlag

Viktig for veljarane

Vindkraft har engasjert mange i valkampen. Før valet svarte nær ein tredel av veljarane i Vestland i ei NRK-undersøking at vindkraft-saka påverka kva parti dei ville stemme på.

Ljosland meiner signalet frå fylkespolitikarane, saman med motstanden i befolkninga, er noko både NVE og Stortinget bør lytte til.

– Det viktigaste er den folkelege motstanden. Vi sender eit tydleg politisk signal på toppen av det.

Tor Andre Ljosland

MOT: Tor Andre Ljosland (KrF) vil ikkje ha meir vindkraft på land i Hordaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det same har fleire andre fylke gjort.

Eit samla fylkesutval i Sogn og Fjordane har også sagt nei til den nasjonale ramma for vindkraft. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) vil ha regional råderett over vindkraftutbygging, og at kommunane skal ha eit sterkt ord med i laget.

I juni sa også eit fleirtal av fylkespolitikarane i Trøndelag nei til vindkraftplanen.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon