Hopp til innhold

Pokerrazziaen: Her går politiet til aksjon

Ni personar er sikta etter pokerrazziaen i Bergen. Folk som tapte store summar på poker, vart tvungne til å gjere jobbar for bakmennene i miljøet, meiner politiet. Sjå bileta frå aksjonen.

Her blir den pokerklubben stanset av politiet
Foto: Politiet

Klikk på vindauge ovanfor for å sjå heile biletserien!

– Vi har hatt god oversikt over pokermiljøet, men det nye er linken til grov kriminalitet som vi har oppdaga. Det har gått under radaren i lang tid, og er ein viktig grunn til at vi aksjonerte, seier politiadvokat Marita Mellingen i Hordaland politidistrikt til NRK.

Politiadvokat Marita Mellingen

NI SIKTA: Politiadvokat Marita Mellingen har sikta ni personar for alt frå grov narkokriminalitet til bedrageri.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

I natt gjekk politiet til aksjon mot ei adresse i Kaigaten i Bergen sentrum. I leilegheita sat det kring ti personar og spelte poker. Aksjonen er ein del av ei større etterforsking som politiet i Bergen har jobba med sidan august.

Saka har ikkje vore kjent for allmenta før no. Før razziaen i natt var seks personar sikta i sak. Tre av dei har vore i varetekt sidan midten av august.

I natt arresterte politiet tre personar til. Ein av dei blir framstilt for fengsling seinare i dag, medan to er sleppt fri av politiet.

Mannen som leide ut lokalet vart fredag varetektsfengsla i fire uker, sikta for heleri. Kvar månad fekk han 25.000 kroner i husleie.

KAigaten ny

RAZZIA: Politiet gjekk til aksjon her i Kaigaten i natt. Restauranten i første etasje skal ikkje ha noko med saka å gjere.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Meiner pokerklubb er skalkeskjul

I etterforskinga seier politiet at dei har avdekka store kontantstraumar som dei involverte hevdar er pokerpengar.

Politiet meiner pengane stammar frå narkotikaomsetnad, og at pokerklubben er eit skalkeskjul for omfattande og grov kriminell verksemd.

– Folk blir sett i djup gjeld på grunn av gambling. Dei som ikkje klarar å betale for seg, blir i miljøet nøydde til å gjera opp for seg ved å gjera kurerturar. Elles aukar gjelda deira, forklarar Mellingen.

Ho legg til at politiet meiner pokerspelinga også har vore ein viktig kanal for kvitvasking av pengar.

Sikta for fleire forhold

Dei totalt ni personane som no er involvert i saka er sikta for fleire grove forhold:

  • Dei tre som allereie sit i varetekt er sikta for grov narkotikakriminalitet, grovt heleri og kvitvasking.
  • To av dei er også sikta for bedrageri der det er snakk om millionbeløp, får NRK opplyst.
  • Dei to som vart arrestert på pokerklubben i natt er sikta for brot på lotterilova.
  • Den tredje, eigaren av lokalet der klubben heldt til, vart arrestert heime. Han er ifølge Bergens Tidende tidlegare dømd for økonomisk kriminalitet, og har teke imot husleiga frå pokerklubben sidan 2012.

– No har vi sikta han for grovt heleri, stadfestar Mellingen overfor NRK.

– Vi har dei viktigaste personane

Dei fleste involverte i saka har ikkje hatt mykje med politiet å gjera før.

– Vi har hatt kontakt med to av dei før, elles er det ukjent klientell, seier Mellingen.

Politiet seier dei ikkje kan sjå bort frå at det blir fleire arrestasjonar i saka. Men Mellingen fortel at dei politiet meiner er hovudmennene i nettverket i bergensområdet, no er tatt.

– Vi meiner vi har dei viktigaste personane i varetekt, seier politiadvokaten.