Hopp til innhold

Politiet: – Utanlandske seljarar prøver å etablere nye russcenar

Utanlandske dopseljarar prøver å etablere nye stader for kjøp og sal av narkotika i Bergen. – Fleire av dei som tidlegare selde narkotika i Nygårdsparken, går no nye vegar for å selje stoff, seier politistasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon.

Olav Valland

UTFORDRING: Utanlandske narkotikaseljarar er ei stor utfordring, seier politistasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon, Olav Valland.

Foto: Mari Stafsnes Osland / NRK

Korleis og ikkje minst kvar dei utanlandske langarane no omset stoff i Bergen sentrum, vil ikkje politiet ut med. Dette fordi dei no har gåande aksjonar mot dette miljøet.

– Innslaget av utanlandske narkotikaseljarar, mange av dei med ulovleg opphald i landet, er ei stor utfordring, seier politistasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon, Olav Valland.

– Det var ein liten periode me såg dei litt mindre, men det er heilt tydeleg at dei no prøver å etablere salsstader på ein litt annan måte enn tidlegare, seier Valland.

– Meir diskret sal

Joachim Bjerkvik

REDUSERT MILJØ: Mange utanlandske dopseljarar har forlate Bergen etter stenginga av Nygårdsparken, seier Joachim Bjerkvik, leiar i Utekontakten i Bergen.

Foto: Privat

Joachim Bjerkvik, leiar i Utekontakten i Bergen, seier han veit at mange stoffseljarar har forlate Bergen etter at Nygårdsparken stengde.

– Det er fleire som opererer her framleis, men det salet me ser i dag kan ikkje på nokon måte samanliknast med det salet som var i Nygårdsparken. Salet i Bergen sentrum går føre seg mykje meir diskret, seier han.

Kvar er det no ein prøver å få omsett ulovlege rusmiddel?

– Det er nok på fleire stader i Bergen, og politiet må seie noko om kvar dei gjer pågripingar. Salet har ikkje same karakter no, og sjølv ikkje i Vågsbunnen er det av same karakter som det var i Nygårdsparken, seier Bjerkvik.

– Anna type sal

Bjerkvik seier det er færre profesjonelle utanlandske seljarar, at det er mindre vald og aggresjon, og at det er færre unge som oppsøkjer miljøet.

– Mykje av det handlar om at det er meir synleg politi. Dei er tettare på med innsatsgruppa si. På trafikknutepunkt, der folk kjem til og frå, har det alltid vore meir eller mindre kjøp og sal, seier han.

– Men dette er ein heilt anna type sal enn det som har gått føre seg på opne russcenar, legg han til.

– Fleire grupper

Ifølge politistasjonssjef Olav Valland har måten salsapparatet prøver å innrette seg på, med stenginga av Nygårdsparken å gjere. Han seier dei fleire grupper som sel narkotika.

– Det er ikkje til å legge skjul på at afrikanske borgarar med ulovleg opphald utgjer ein ikkje-ubetydeleg del av det miljøet, seier han.

– Det gjeld både lettare stoff, amfetamin og heroin. Det er nokon trendar med blant anna bruk av tablettar, og fleire rumenske borgarar er tatt for betydeleg omsetjing av store mengder ulovleg importerte narkotiske tablettar, legg Valland til.