NRK Meny
Normal

Politiet: – Me har arrestert stesonen

Stesonen til mannen (62) som vart funnen død i Loddefjord, er arrestert og er sikta for lekamsskading med døden til følge. Det opplyste politiet i Bergen på ein pressekonferanse laurdag.

Janne Heltne og Tore Salvesen

EIN ARRESTERT: Politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon og politiadvokat Janne Heltene opplyste at ein mann er arrestert på pressekonferanse om det mistenkelege dødsfallet i Loddefjord. Pressekonferansen er no over.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Janne Heltne

STESON SIKTA: Politiadvokat Janne Heltne seier stesonen til mannen som vart funnen død i Loddefjord er arrestert og sikta for lekamsskading med døden til følge.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Me har arrestert ein person, og den arresterte er avdøde sin steson. Han er sikta for lekamsskading med døden til følge, seier politiadvokat Janne Heltne.

Politiadvokat Janne Heltne og politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon orienterte på pressekonferansen laurdag.

– Klokka 4.00 i natt arresterte me ein mann ein annan stad i Bergen kommune. Han viste seg å vera avdøde sin steson, og han er no sikta, seier Tore Salvesen.

Både avdøde og sikta er tidlegare kjenningar av politiet.

Fann ein mann livlaus

Krimteknikarar har i natt etterforska funnet av ein død mann (62) i ei blokkleilegheit i Loddefjord i Bergen.

– Klokka 18.54 den 12. desember tok imot politiet ein melding om ein livlaus person i ei leilegheit i Loddefjord, seier Salvesen.

– Politiet rykka ut saman med AMK og fann då ein livlaus person i leilegheita, seier Tore Salvesen.

Etterforskar breitt

Mann funnen død i Loddefjord

FUNNEN DØD: Ein mann vart funnen død i denne blokka i Vadmyrveien i Loddefjord.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Seint i går kveld kunne ikkje politiet sjå bort frå at mannen er utsett for noko kriminelt. Fleire personar har i natt vore i avhøyr med politiet, som etterforskar saka breitt.

– På bakgrunn av spor, og funn rundt avdøde gjorde at me sette i verk straksetterforsking for å finne mogelege årsaker til dette dødsfallet, seier Salvesen.

Ifølge Bergens Tidende vart mannen funne med store hovudskadar av sambuaren sin.

– Det er for tidleg å seie om det har vore kamp utanfor leilegheita, og me kan ikkje seie noko om skadane mannen har, seier Salvesen.

Avhøyrer vitne

Vitne som bur i området, og andre vitne som har meldt seg har blitt avhøyrt.

– Me har i natt sett i verk rundspørjing, og me har avhøyrt eit titals vitne, seier Salvesen.

Hundar markerte ved eit busstopp like ved blokka der mannen vart funnen død, og politiet undersøker om det kan ha betydning for saka.

– Er det aktuelt å be om hjelp frå Kripos i denne saka?

– Me har vurdert det, men på det noverande tidspunktet held me fram med det mannskapet me har. Det vil vera ei fortløpande vurdering, og terskelen er lav, seier Salvesen.

Gjer undersøkingar

Hundesøk i Loddefjord

HUNDESØK: Politiet etterforskar breitt, og søkte fredag kveld med hund i området i Loddefjord der ein mann vart funnen død.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Leilegheita er framleis låst, og politiet har hatt og vil halde fram med å gjere kriminaltekniske undersøkingar i leilegheita og i området i løpet av helga.

– Me har innhenta DNA-spor, og spor rundt den avdøde. Den vidare etterforskinga vil forsøke å avdekke hendingsgangen og eit mogeleg motiv, seier Salvesen.

Politiet vil også gjere avhøyr med den sikta personen.

– Avdøde vil bli obdusert i dag, og me vil i løpet av kort tid få ein obduksjonsrapport, seier Heltne.

SJÅ INTERVJUET HER:

Intervju med Tore Salvesen om dødsfallet i Loddefjord.

OM DØDSFALLET: Intervju med politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon om dødsfallet i Loddefjord.

Siste video

Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.