Hopp til innhold

Politiet vil undersøka trampolinepark etter at 14-åring blei alvorleg skadd

Krimteknikarar frå politiet skal undersøka ein trampolinepark i Åsane etter at ein tenåring hoppa og landa forkjært.

Trampolineparken FlipZone i Åsane

ALVORLEG SKADD: Ein 14 år gamal gut blei sendt til sjukehus med alvorlege nakkeskader sundag ettermiddag.

Foto: Bergen foto og media

Sundag ettermiddag blei ein 14 år gamal gut sendt til sjukehus med alvorlege nakkeskader etter ei ulukke på Flipzone trampolinepark.

Parken marknadsfører seg som «Nordens heftigste trampolinepark» og har over 70 trampolinar i sine lokale i Liamyrane i Åsane.

Ulukke skjedde då guten landa forkjært etter eit hopp, opplyser politistasjonssjef Merethe Toppe ved Bergen nord politistatsjon.

– Me fekk melding om at guten hadde hoppa på ein trampoline og fått skader i nakke og rygg, seier politistasjonssjefen.

Hoppa i lag med vener

Politiet kom til staden litt før klokka 17 og tok avhøyr av tilsette og gjester som var vitne til hendinga.

Guten skal ha vore på Flipzone i lag med vener då han blei alvorleg skadd. Fleire skal ha vore vitne til episoden.

Måndag ettermiddag opplyser politiet at dei har oppretta undersøkingssak.

Politiet har fått tilbakemelding frå Helse Bergen om at guten er innlagd med alvorlege skader.

– Det at me har ei alvorleg personskade gjer at me må undersøka om alle retningslinjer har blitt følgde og om utstyr er i samsvar med det regelverket som Flipzone må forhalda seg til, seier Toppe.

Politiet vil undersøke korleis rutinane i parken er, om det er tekniske eller fysiske forhold på staden som kan ha hatt noko å seie for ulukka, og kva reglar brukarane av trampolineparken får presentert, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet har ei oversikt over kor mange gjester og tilsette som var i lokala då ulukka skjedde, men Toppe har ikkje desse tala måndag ettermiddag.

– Me avhøyrer no dei som jobbar der og tar ein prat med fleire gjester som har vore innom.

– Har politiet haldepunkt for å seia at tryggleiken ikkje har vore god nok?

– Per no så har me ikkje det. Det er det våre vidare undersøkingar skal forsøka å avdekka, seier Toppe.

Trampolineparken held stengt

Flipzone held stengt til politiet har gjennomført nærare undersøkingar på staden.

– Me har nettopp starta undersøkingane. Truleg blir trampolineparken stengd i nokre timar til av omsyn til etterforskinga.

Måndag ettermiddag blir kriminalteknikarar sendt til trampolineparken for å undersøka det som enn så lenge er ei undersøkingssak.

Føremålet er å finna ut om det er forhold i trampolineparken som kan ha medverka til ulukka.

– Det blir feil å seia at det er vanleg å senda krimteknikarar, men ved slike hendingar er det viktig at me går litt breitt ut og prøver å dekka alt som er mogleg no i starten.

Det har så langt ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå dagleg leiar Jan Fredrik Hamre i selskapet FlipZone Liamyra.