Hopp til innhold

Politiet vil ransaka redaksjonslokale

For å få tak i eit upublisert bilete ber politiet tingretten om å få ransaka heimen og arbeidsplassen til ein journalist.

Knut Markhus

Journalist Knut Markhus reagerer kraftig på politiet sitt ønske som å ransaka heimen og arbeidsplassen hans.

Foto: Privat

Hordaland politidistrikt ber Nordhordland tingrett om løyve til ransaking av lokalet til avisa Hordland på Voss, og heimen til journalist Knut Markhus.

Avisa Hordaland

Klubb og redaktør i avisa Hordaland støttar journalisten og er einige i at bileta ikkje skal leverast til politiet.

Bakgrunnen er ein demonstrasjon mot bygging av master i Hardanger i fjor, der ein person er sikta for å ha tatt seg inn på landingsområdet til eit helikopter medan helikopteret skulle landa, skriv avisa Hordaland .

Journalist Knut Markhus tok fleire bilete under demonstrasjonen. Politiet meiner bilete kan vera bevis som kan ha avgjerande betyding for skuldspørsmålet, og ber om løyve til ransaking for å få tak i bileta.

– Tråkkar på presseetiske retningslinjer

Markhus var først inne til vanleg avhøyr hos politiet, og han reagerte kraftig på politiet si henvending om å få tilgang til bilete.

– Eg føler at dei tråkkar på solide retningslinjer og praksis i forhold til pressa si rolle. Ein skal ikkje gi frå seg upublisert materiale til politiet, seier Knut Markhus til NRK.

Viss han hadde gitt ut bileta meiner han det kunna ha hindra han i jobben hans som journalist ved seinare høve.

– Då hadde eg blitt meir som ein politiets mann. Folk må kunna vera trygge på at journalistar ikkje sender bilete vidare til politiet, seier Markhus.

Han er spent på avgjersla frå tingretten, men trur ikkje politiet vil få medhald.

– Det er sunt at det ikkje er nokon kopling mellom politi og presse og at politiet ikkje kan tvinga ut slik informasjon.

Særleg vern av upubliserte bilete

Markhus var ikkje tilsett i avisa då han tok dei aktuelle bileta, og ingen av dei er blitt publiserte i avisa Hordaland. At det er snakk om upubliserte bilete gjer saka ekstra alvorleg.

– Dei aktuelle fotografia som politiet ønskjer å få framskaffa er upubliserte materiale. Dette har særskilt vern etter den europeiske menneskerettskonvensjonen sin artikkel om ytringsfridom. Å gi ut upubliserte materiale er problematisk i forhold til arbeidsvilkåra til den oppsøkande og kritiske pressa, seier Ina Lindahl Nyrud, advokat i Norsk Journalistlag, til avisa Hordaland.

Knut Markhus tok kontakt med journalistklubben og redaktøren i avisa då henvendinga frå politiet kom, og dei var samstemte i at bileta ikkje skal leverast ut. Både Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening er kopla inn for å rådgi i saka.

– Retten bør avvisa kravet

Nils E. Øy

Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening meiner ei sak må vera av større alvor viss politiet skal gå til ransaking.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Norsk Redaktørforening er klar på at politiet sitt krav bør avvisast.

– Retten bør avvisa kravet om løyve til ranssaking og heller foretrekka moglegheita til å avhøyra den aktuelle journalisten. Politiet er forplikta til å prøva alle andre måtar å etterforska saka på før ein går til det alvorlege steget å ranasaka eit redaksjonslokale, seier generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening til NRK.

– I forarbeidene til bestemmingane om ransaking av redaksjonslokale, der også heimekontor inngår, så er det understreka at det skal veldig mykje til for at myndigheitene går til eit slikt steg. Det betyr at det må vera eit stort alvor, og saka som dette gjeld er mildt sagt ikkje av det heilt store, utdjupar Øy.