NRK Meny
Normal

– Sigarettar årsak til storbrannen i Bergen

Politiet trur sneipar i ein plastboks er årsaka til storbrannen i Bergen sentrum førre veke.

Brannruinene i Kong Oscars gate i Bergen

TRUR DEI HAR SVARET: Politiet har etterforska brannen i Kong Oscars gate i Bergen førre veke, og trur dei har funne brannårsaka.

Foto: Breistein, Emil / NTB scanpix

Storbrannen i Bergen sentrum råka tre hus då flammane braut ut natt til torsdag førre veke.

No har politiet funne det dei trur er brannårsak. Dei trur også dei veit kor brannen har starta.

Staden der politiet meiner det har begynt å brenne ligg i bakgarden bak Kong Oscars gate.

Sigarettsneipar er årsaka

I kroken mellom hus nummer 4 og 6 har politiet funne ein stad der folk røykte sigarettar. Her har ein plastboks fungert som eit oskebeger.

– Vi har ingen vitne som har sett at brannen starta i dette plastboksen, men ut frå undersøkingane og vitneavhøyra vi har gjort er vår konklusjon at røystumpar i denne boksen var medverkande til at det starta å brenne, det seier Knut Ellertsen, leiar for brann- og tjuveriavsnittet på Bergen sentrum politistasjon.

Storbrann i Bergen, befaring

FEKK VERE MED Å SJÅ: Pressa var i dag invitert til å vere med å sjå korleis det ser ut etter brannen i Kong Oscars Gate, og kvar den starta.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Vidare fortel han at det er tydeleg at brannutviklinga har tatt tid.

– Det er heilt tydeleg om ein ser på korleis årestaden ser ut. Ein eller fleire som har røykt har lagt sneipane i boksen, der det til slutt har utvikla seg til brann, seier Ellertsen.

Eit samla pressekorps var invitert bak i bakgarden saman med politi og brannkorps for å sjå på staden der brannen braut ut.

– Ingen brannstiftar

Ellertsen seier politiet er ganske sikre på brannårsaka, og at det ikkje er teikn til at det er snakk om ein brannstiftar.

– Det vi kan er at det ikkje er noko som tyder på at ein uvedkommande har kome seg inn i bakgarden og starta brannen.

– Det er heller ikkje noko som tyder på at brannen starta på ein annan måte, seier Ellertsen.

LES OGSÅ: – De ropte «Kom dere ut! Våkn opp, våkn opp!»

Gå til forsiden

Storbrann i Kong Oscars gate i Bergen

Brann i Bergen sentrum

Storbrann i Kong Oscars gate i Bergen

17 bilder

    Siste video

    Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.