Hopp til innhold

Politiet tok mot tjuv på ferjekaien

Ein mann fekk med seg kassaapparatet då han tok seg inn i ein daglegvareforretning på Grimo i Sørfjorden laurdag kveld. To vitne noterte seg opplysingar om køyretøyet då vedkomande køyrde frå staden. Det var nok til at politiet i Kvam kunne ta mot mannen med opna armar då han kom med ferja frå Jondal til Tørvikbygd. – Patruljen fann ein større pengesum på mannen. Han er teken til avhøyr på politihuset i Norheimsund, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

MF Etne
Foto: Oddgeir Øystese / NRK