Politiet til russearrangement

Fleire politipatruljar er no til stades ved eit russearrangement på ein utestad i Valkendorfsgaten i Bergen. – Arrangementet har akkurat starta, men det vert meld om trengsel ved inngangspartiet. Vi har hatt utfordringar ved liknande arrangement tidlegare, og er no på staden for å hjelpe til og sørge for at alle kjem seg inn på ein grei måte, seier operasjonsleiar Tatanja Knappen.