– Beklagar på det sterkaste til Monika si mor

Politiet innrømmar feil i den opphavlege etterforskinga av Monika-saka. Politimeisteren vil ikkje kommentera om kritikken får konsekvensar for leiinga.

Fløystad og Gudmundsen

MØTTE PRESSEN: Politimeister Geir Gudmundsen og visepolitimeister Gunnar Fløystad.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Det er berre å konstatere at vi ikkje klarte å løyse Monika-saka på ein god måte då politidistriktet etterforska den i 2011 og 2012, seier politimeister Geir Gudmundsen til NRK.

Gudmundsen presiserer at dei ikkje har fått sett seg grundig inn i rapporten frå Riksadvokaten si arbeidsgruppe, men at dei i det store og det heile er samd i kritikken.

Det er på det reine at politidistriktet ikkje har hatt gode nok system for å avdekke feil og korrigere kursen i etterforskinga.

– Når feilen skjer kollektivt, får det alvorlege ringverknader då ingen har stilt kritiske spørsmål til prosessen undervegs. Arbeidsgruppa seier det ikkje var grunnlag for å legge vekk saka, og det beklagar vi.

– Beklagar på det sterkaste

Pressekonferanse om Monika-saken

STORT PRESSEOPPBOD: Politimeisteren sitt møtekontor på politihuset i Bergen var fylt til randa med pressefolk.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Politimeisteren la vekt på at rapporten frå Riksadvokaten har vore etterlengta i politidistriktet.

– Det er godt å få rapporten, det har vore stor spenning i organisasjonen. Vi er glad for læringspunkta til Arbeidsgruppa, og at Riksadvokaten også var tydelege på at han i samarbeid med politidirektoratet skal følgje opp dei.

Gudmundsen beklaga også ovanfor mor til Monika, Kristina Sviglinskaja.

– Vi skal gjere det vi kan for at noko slikt ikkje skal skje igjen. Det har vore ein ekstrem belastning for mor til Monika og vi beklagar på det sterkaste den ekstrabyrda som er påført ho.

– Utan varslaren hadde ikkje saka starta opp igjen

Politimeisteren beklaga også ovanfor politietterforskaren, som i januar 2014 varsla om fleire alvorlege manglar ved den opphavlege etterforskinga av dødsfallet til den åtte år gamle jenta.

Etterforskaren vart først ikkje høyrt av leiinga i politidistriktet.

– Utan etterforskaren som påpeika svakheiter med den opphavlege Monika-saka ville det ikkje vore nokon oppattaking av saka. Det er beklageleg at vi ikkje valde å gjera det tidlegare, vedgjekk Gudmundsen.

Behandlinga av varslaren er under ekstern gransking hjå Politidirektoratet.

Politimester Geir Gudmundsen og visepolitimester Gunnar Fløystad beklaget overfor Monika Sviglingskaja.

14 dagar frist

I rapporten som politiet i dag måtte svara for konkluderer arbeidsgruppa til Riksadvokaten at det var feil å legge vekk saka som eit sjølvdrap.

– Vi vil no gå grundig gjennom rapporten. Riksadvokaten har antyda at vi får ein 14 dagars svarfrist, sa Gudmundsen.

– Kva konsekvensar får rapporten for Hordaland politidistrikt?

– Dette er ein evalueringsrapport med læringspunkt. Om det har skjedd noko straffbart blir behandla av Spesialeininga så vi må vente til den kjem

– Andre må vurdere mi stilling

– Kva med din egen rolle, opplever du at du har tillit hjå dei tilsette?

– Det er nok slik at nokon stiller spørsmål ved kva eg har gjort og at det er kritikkverdig det politimeisteren har gjort. Alle fakta i denne saka er ikkje på bordet enno, svarar Gudmundsen og peikar på dei ulike granskingane som går føre seg.

– Spesialeininga skal også kome med sin rapport. Når den tid kjem, korleis vil du sjå på din egen stilling?

– Det må eg vurdere når eg ser kva som kjem og så er det andre som må vurdere det.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.