Hopp til innhold

Politiet snur etter krass kritikk: Trekker påstanden om at 13-åringen skada kommunen sitt omdømme

Skuleeleven avslørte sikkerheitshol, og blei skulda for å påføra Bergen kommune omdømmetap. – Den formuleringa var ikkje riktig å bruka, medgir påtaleleiaren i Vest politidistrikt.

Bergen sentrum politistasjon

TREKKER FORMULERINGA: Politiet angrar på at dei skulda 13-åringen for å påføra Bergen kommune omdømmetap.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Ein 13 år gamal skuleelev i Bergen har fått inndratt datautstyr etter at han mellom anna lasta ned og lagra personopplysingar om 35.000 personar i kommunen.

Sjølv om han med dette avslørte eit sikkerheitshol som Datatilsynet sidan har bøtelagd kommunen for, blei eleven straffa med inndraging av tre harddiskar og ein minnepinne.

Vest politidistrikt grunngav inndraginga med at guten sine handlingar «påførte Bergen kommune tap av omdømme».

Seinare har kritikken hagla.

– Burde ikkje ha vore med

NRK har sidan torsdag kveld forsøkt å få ein kommentar frå politiet.

Fredag ettermiddag uttalar leiaren for påtaleeininga i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad, seg om førelegget.

Han vedgår at formuleringa at guten skada omdømmet til kommunen var uheldig.

– Eg kan for så vidt seia allereie no at akkurat den formuleringa med tap av omdømme for Bergen kommune, den er nok ikkje riktig å bruka, seier Fløystad.

– Det er mi oppfatning at det ikkje burde ha blitt tatt inn. Det er ikkje ei formulering som har med sjølve grunnlaget å gjera heller, så det skulle me, sånn sett i ettertid, ikkje hatt med, seier påtaleleiaren.

Gunnar Fløystad

TREKKER PÅSTAND: Påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Stod bak fleire forhold

Men politiet står fast på at datautstyret ikkje vil bli utlevert til 13-åringen.

– Hovudårsaka er at det ligg informasjon om brukarnamn og passord til elevar og tilsette på harddiskane, og det me meiner er skadeleg programvare. Difor er det ikkje riktig å levera det ut, seier Fløystad, som påpeiker at politiet også står fast på at utstyret har blitt brukt i ei straffbar handling.

NRK kjenner til at politiet også har sett på andre forhold i saka.

Eleven sto bak eit anna forsøk på å ta seg inn i kommunen sine system, berre nokre veker etter hendinga i august.

Det medførte at politiet ransaka bustaden til guten på nytt.

Episoden er ein del av bakgrunnen for inndragingsførelegget.

– Det er riktig å seia at me har tatt ei heilskapsvurdering av dei hendingane som har skjedd både før og etter at politiet involverte seg i saka, seier Fløystad.

Politiet har tidlegare svart avkreftande på NRKs spørsmål om den andre hendinga. Verken Bergen kommune eller Vest politidistrikt ønsker å uttala seg ytterlegare om dette.

Endrar teksten

Advokaten til guten sine foreldre har kome med innvendingar mot førelegget. No fastslår politiet altså at teksten vil bli endra.

– Vi skal vurdera om me må endra på heile eller deler av førelegget. Det skal me gjera på ein skikkeleg måte, seier påtaleleiaren.

Han registrerer kritikken som har kome i kjølvatnet av formuleringa.

– Det må me ta på alvor. Det gjer sjølvsagt at me må vurdera det me har skrive og gjort på ein ordentleg måte, seier Fløystad.