Hopp til innhold

Politiet rykka ut 75 gonger: – Det har vore ei travel natt

Ei rekke slagsmål og mange rusa personar gjorde at det vart hektisk for politiet i Bergen natt til laurdag.

Strandgaten

ORDENSFORSTYRRING: Det vart registrert 25 ordensforstyrringar i Bergen sentrum natt til laurdag. Fleire av dei fann stad på og rundt Torgalmenningen, som her i Strandgaten.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Det har vore ei rekke ordensforstyrringar og mange slagsmål i Bergen sentrum, seier operasjonsleiar i politiet, Knut Dahl-Michelsen laurdag morgon.

Totalt fire personar er sett i arresten, og det er registrert 25 ordensforstyrringar og slagsmål.

Det heile starta i Christian Michelsens gate litt etter klokka 02, då fleire yngre gutar sparka ein mann som låg nede. Vedkommande vart send til legevakt, og ingen er arresterte etter hendinga.

Laster Twitter-innhold

Ut over natta kom ordensforstyrringane i tur og orden.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Travlare enn vanleg

Klokka 03.30 vart det meldt om nok eit masseslagsmål, denne gongen ved Den blå steingen. Ein 22 år gamal mann vart arrestert av politiet, men ingen vart skadde i slagsmålet.

– Talet på slagsmål og ordensforstyrringar er høgare enn det som er normalt natt til laurdag, seier Dahl-Michelsen.

– Kva trur du er årsaka til det?

– Det er ikkje godt å seie. Vi trudde kanskje vêret skulle legge ein dempar, men det har kanskje verka mot si hensikt, og påverka folk i negativ forstand.

Mange folk i gatene

Fredag kveld var drygt 20.000 menneske samla på Koengen, der Robbie Williams spelte konsert.

Dei fleste slagsmåla er tilknytt utestadar, Torgalmenningen og den såkalla Lysløypa i Bergen sentrum.

Laurdag morgon melder politiet også om at ein person er tatt for rusa køyring i Fjøsangervegen.