Hopp til innhold

Politiet om kattefunnet: – Ei forferdeleg sak

Politiet ser alvorleg på funnet av eit kattebur på havbotnen i Øygarden, og håpar vitne kan hjelpa dei å finna den som står bak.

Dykkar fann kattebur på botnen av havet

SJOKKERT: Dykkarane som fann katteburet i sjøen blei sjokkerte over at nokon kan kasta eit bur med katt inni i sjøen.

Foto: Espen Henriksen

Det var sist veke dei to dykkarane gjorde det grufulle funnet på ein dykkartur utanfor Rongesund kai i Øygarden. Dei blei sjokkerte over at nokon kunna kasta eit bur med ein katt i på sjøen og kontakta Dyrebeskyttelsen om funnet.

Dyrebeskyttelsen er klare på at det som er blitt gjort er straffbart og kriminelt og dei vil ifølgje pressekontakt Linn Krogstad melda hendinga til politiet.

– Politiet er blitt gjort kjent med det gjennom media og eg ser at Dyrebeskyttelsen ønskjer å politimelda saka. Allereie no kan eg seia at saka vil bli tatt på alvor her, seier politioverbetjent Thomas Sørensen ved lensmannskontoret for Sotra, Askøy og Øygarden.

– Dette synest me er ei forferdeleg sak. At folk får seg til å gjera slike ting er svært alvorleg synest me, seier Sørensen.

Politiet ber om tips

– Me blir avhengige av vitne her og truleg er det ikkje openbart kven som er vitne, så politiet blir avhengig av tips i saka. Viss nokon anten veit noko eller har sett noko i området her ved Rongesund i Øygarden, eller eventuelt kjenner til noko utan å ha vore vitne direkte, seier politioverbetjenten.

– Kor stor er sjansen for å finna den eller dei som står bak?

– Den er vel ikkje så overveldande stor, men der er undersøkingar me kan gjera som det er håp at kan føra til noko, seier Thomas Sørensen.

Politioverbetjenten ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannskontor kjenner ikkje til at dei har hatt liknande hendingar i området tidlegare.

– Me får av og til meldingar om funn av dyr i sjøen, men det er i så fall utan at dei er inni eit bur. Både hjort og sau er blitt funne på botnen, og då gjer me undersøkingar for å avklara. Dei har truleg hamna i sjøen på andre måtar enn å bli kasta ut i sjøen i bur. Akkurat denne typen har me ikkje vore borti tidlegare, som eg kan hugsa, seier Sørensen.

Lovar dusør på 25.000 kroner

Tragisk :( håpa vedkommende som har gjort da blir funnet.

Hilde Navjord Simonsen på Facebook

Dette er nok en bekreftelse på at Norge skulle hatt eget "dyrepoliti", slik de har i en del andre land.

Håkon Thistel på Facebook

Mange har reagert på at nokon kan få seg til å kasta kattar på sjøen og det har kome sterke reaksjonar frå NRK Hordaland sine følgjarar på Facebook.

Kattebur som blei dumpa i sjøen sendt til veterinær

VETERINÆR: Kattens Vern tok i dag med katteburet som blei funn i Øygarden til Dyrlegevakten i Bergen.

Foto: Kattens Vern

– Blir lika forundra kvar gong, kva mennesket er i stand til å gjera med dyra sine ........ grufullt !!!!!, skriv Siv Ljones.

Kattens Vern reagerer også kraftig på det som har skjedd og lovar 25.000 kroner i dusør til den som kan bidra til at den som står bak blir tatt. Etter at dei annonserte dette har dei fått inn 13.000 kroner frå folk som vil bidra.

– Viss personar ønskjer å bidra til Kattens Vern med midlar til dyrevelferd er ikkje det noko me har noko i mot, seier politioverbetjent Thomas Sørensen om dusøren.

Veterinær fann to kattungar i buret

Leiar Merethe Mikkelsen i Kattens Vern opplyser at dei er svært takknemlege for bidraga dei har fått. Dei er også takknemlege for at delingar av innlegg dei hadde på Facebook bidrog til at buret med kattane blei funne, og dei meiner det no er bevis i saka som gjer at ein står sterkare for å finna ein gjerningsmann.

Ei politipatrulje frå Bergen henta onsdag buret i Øygarden og det blei i dag sendt til Dyrlegevakten i Bergen der ein veterinær undersøkte buret.

Ifølgje veterinæren var det to kattungar inni buret, men det var ikkje mogleg å få gjennomført full obduksjon. Det er difor vanskeleg for veterinæren å fastslå kva kattane døydde av. Det er også vanskeleg for han å seia sikkert kor lenge buret har ligge i sjøen, men veterinæren anslår at det har ligge der i rundt i veke.