Hopp til innhold

Politiet med to nye krimsaker - vurderer å be Kripos om hjelp

Politiet i Bergen vurderar å styrke ressursane etter dødsvalden i Loddefjord og drapet i Fyllingsdalen denne helga. Det kan også bli aktuelt å be Kripos om bistand.

Politihund søker etter spor i Loddefjord etter dødsvold

LODDEFJORD: Ein 62 år gammal mann blei fredag funnen død i Loddefjord. Stesonen er sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ein 50 år gamal dansk statsborgar er sikta for forsettleg drap på ei 35 år gamal kvinne frå Etiopia. Samstundes jobbar politiet for fullt i saka der ein 62 åring vart funne død i Loddefjord fredag. Stesonen er arrestert og sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Trond Eide

– KREVJANDE: Politiet i Bergen har gjenopna fleire saker denne hausten. No har dei fått to nye alvorlege saker, og det er krevjande, seier politiadvokat Trond Eide.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Dette er krevjande for bergenspolitiet, som alt har mykje arbeid med fleire saker som har blitt gjenopna denne hausten, seier politiadvokat Trond Eide.

– Ressursbruken er særdeles krevjande. I begge sakene har me tidleg har ein gjerningsmann. Det gjer det litt lettare å handtere, men det er krevjande for heile Hordaland politidistrikt. Me har også mange andre store saker som er under etterforsking hos oss.

LES OGSÅ: Erkjenner ikkje straffskuld etter dødsvald

Har gjenopna fleire saker

I haust har politiet gjenopna fleire saker, mellom dei den mykje omtala Monika-saka. Politiet har også sett i gang igjen etterforskinga av saka til kvinneaktivisten Shilan Shorsh, som døde i ein brann i Fyllingsdalen i 2013.

I ettertid har bergenspolitiet måtta tola mykje kritikk for å ikkje sette inn nok ressursar.

– Hordaland politidistrikt har ikkje for vane å la vere å be om bistand, seier politimeister i Hordaland politidistrikt Geir Gudmundsen.

Vurderer å be Kripos om hjelp

Geir Gudmundsen

VURDERER Å FÅ INN KRIPOS: Politimeister i Hordaland politidistrikt, Geir Gudmundsen, seier dei no vurderer om dei må be Kripos om hjelp.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Denne helga har politimeisteren fått to ny alvorlege saker på bordet. I dag blir det vurdert om bergenspolitiet treng hjelp til å etterforske dødsvalden i Loddefjord og drapet i Fyllingsdalen.

– No vil me bruke dei fyrste timane til å sjå korleis ressursbehovet er framover: Om det er slik at me kan klare det ved hjelp av bistand frå andre lensmannskontor eller stasjonar i eige distrikt, eller om me eventuelt må me be Kripos om hjelp, seier Gudmundsen.

– Det at me har to personar som er sikta i desse to alvorlege sakene gjer det litt lettare for oss, men samtidig krev så alvorlege saker ei brei etterforsking som vil vere ressurskrevjande.

LES OGSÅ: Politiets Fellesforbund om Monika-saken: Hver stein må snus