NRK Meny
Normal

Politiet måtte be om vakthald i natt

Den nye brua mellom Bryggen og Zachen har vore særs freistande for fleire festglade bergensarar i natt. Politiet såg seg nøydd til å be kommunen setje opp vakter for å passe på.

Nye brua i Vågen i Bergen om natta

MÅTTE PASSE PÅ: Politiet på plass inst i Vågen i Bergen sentrum. Praktbrua på 24 meter som studentar ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen har laga, var særs freistande for fleire festglade bergensarar i natt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det er studentar ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen som står bak den splitter nye brua, som hadde høgtideleg opning fredag ettermiddag. Trekonstruksjonen gjer det mogleg å ta snarvegen rett over Vågen frå Bryggen til Zachen, og i natt var det svært mange som ville prøva nettopp det.

– Vi vurderte tryggleiken med brua, deretter varsla vi kommunen og bad dei setje opp vakthald. Det var mange rusa folk som prøvde å klatre, fortel operasjonsleiar Preben Wallestad til NRK laurdag morgon.

Politiet måtte hjelpe til

Når klokka nærma seg stengetid 03.00 måtte kommunen sine vaktar be om hjelp frå politiet. Dei hadde problem med å halda festglade bergensarar vekke frå den nye brua.

– Vi har vore litt att og fram der i natt for å hjelpe til. Brua skal ikkje vera open om natta og det kan ikkje vere uavgrensa med folk på den heller.

Studentane si bru er bygd i tre, er 24 meter lang og 8,5 meter høg. Politiet vurderer det slik at det nok også trengst vakthald natt til sundag, for å unngå at folk med svekka motorikk skader seg eller fell i vatnet.

17-åringar meldt for ruskøyring

Det har elles vore litt forskjellig for politiet i Hordaland å ta tak i natt. Klokka 04.26 rykka dei ut til ei trafikkulukke i Sælenveien i Fyllingsdalen.

– Det hadde vore ein kraftig smell og det var observert at to personar stakk frå staden, fortel operasjonsleiar Wallestad.

Ein politipatrulje med hund vart sendt til staden og etter kvart vart to 17 år gamle gutar spora opp. Begge hadde køyrd kvar sin bil og var rusa. Ingen av dei har førarkort og begge blir meldt for køyring i rusa tilstand.

Nekta å bli køyrd heim

Deretter hjelpte politiet ein taxi i Fanavegen, der ein person hadde sovna i baksetet i bilen. Då politiet dukka opp og ville køyre vedkommande heim, oppstod det problem.

– Passasjer vart sint og ville ikkje bli køyrd heim. Reiv opp døra på politibilen og hamna i basketak med politibetjentane, skriv politiet på Twitter.

Mannen vart sendt i fyllearresten og blir meldt for ordensforstyrring og for å hindre offentleg tenestemann å gjera jobben sin.

– Til saman har vi fire personar i drukkenskapsarresten, summerer operasjonsleiar Wallestad til slutt.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017