Hopp til innhold

Politiet ombestemmer seg - positive til bruk av nasespray mot overdosar

Politiet ombestemt seg. No stiller dei seg likevel positive til å ta i bruk nasespray mot overdosedødsfall.

Nesespray

SLIK ER SPRAYEN: Det er denne politiet no skal ha med seg når dei patruljerer.

Foto: Straxhuset i Bergen

Nasesprayen kan potensielt redde liv. Likevel sa politiet i Bergen i utgangspunktet nei til å ha sprayen med seg når dei patruljerer. Også politiet i Oslo vurderer å ta i bruk sprayen.

LES MEIR: Politiet vil ikkje bruke rus-nasesprayen

No har dei skifta meining. Neste månad får bergenspolitiet opplæring i å bruke Nalokson, og nasesprayen vil mest sannsynleg vere på plass i politibelta denne hausten.

Råd frå rusakutten

Dette skjer mellom anna etter råd frå rusakutten i Bergen. Professor i rusmiddelforsking, Jørgen Bramness, jobbar med eit prøveprosjektet i regi av senter for rus og avhengigheitsforsking. Han trur nasesprayen kan redusere det høge talet på overdosedødsfall i Norge – viss mange nok bruker den.

Jørgen Gustav Bramness

HAR TRU PÅ NASESPRAYEN: Professor Jørgen Bramness meiner talet på overdosedødsfall kan reduserast.

Foto: UIO

– Eit av suksesskriteria er å spreie denne sprayen ut blant så mange som mogeleg, slik at han raskt kan takast i bruk. Det er ikkje vanskeleg å bruke han, seier Bramness.

260 døyr kvart år i Norge

Kvar veke krev overdosar fem menneskeliv i Norge. I løpet av eit år er talet 260 personar. Politiet i Bergen ser menneske i overdose nærast dagleg.
Politistasjonssjef Olav Valland i Bergen sentrum seier grunnen til at dei ombestemmer seg og no ynskjer å bruke sprayen er dei høge forventningane frå helsestellet.

Olav Valland

HAR OMBESTEMT SEG: Politistasjonssjef Olav Valland lyttar til råd frå helsestellet.

Foto: Mari Stafsnes Osland / NRK

– Dei patruljane som er i nærleiken av rusmisbrukarane kan ha dette som ei nødløysing. Vi ynskjer å lytte til Helsevesenet som meiner at nasesprayen kan vere med på å redde liv, seier Valland.

Opplæring i neste månad

Nasesprayen fungerer som ei motgift mot opiat-overdosar, og kan potensielt redde liv. I byrjinga av neste månad får bergenspolitiet opplæring i korleis nasesprayen kan brukast.