Hopp til innhold

Politiet: – Stå fram om du har opplevd noko liknande

Politiet ønskjer å komme i kontakt med folk som har hatt ubehagelege opplevingar i området, etter at ei 15 år gammal jente blei slått ned og antasta på joggetur.

Kanadaskogen

KANADASKOGEN: Den 15 år gamle jenta var på joggetur i Kanadaskogen då ho vart overraska av ein mann på turstien som tok tak i ho og slo ho i andletet.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Den 15 år gamle jenta var på joggetur rundt Tennebekktjernet mellom Fyllingsdalen og Nipedalen, også kjend som Kanadaskogen, laurdag kveld.

No etterlyser politiet vitne, mellom anna ein turgåar med hund, som jenta trefte like før ho blei overfallen.

– Me ønskje også å snakke med andre som har hatt ubehagelege opplevingar i området og ber om at dei kjem fram, seier Kjersti Opdal i Bergen vest politidistrikt.

– Politiet er no heilt avhengige av å få snakke med folk som har sett eller opplevd noko i dette området.

– Tok tak i ho og slo ho i andletet

kanadaskogen

ETTERLYSER VITNE: Politiet har oppretta sak på hendinga og vil etterforske den vidare. Dei ber om tips på telefonnummer: 55 51 85 00 eller 02800.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Politiet fekk melding om hendinga laurdag kveld. Rundt klokka 22.30 skal jenta ha blitt overraska av ein mann som kom ut på turstien. Han skal ha tatt tak i ho og mellom anna slått ho i andletet.

Jenta klarte etter kvar å kome seg laus, og sprang frå staden. Overfallsmannen sprang i motsett retning.

Mannen vert skildra som over 180 cm høg, mellom 20 og 35 år og hadde på seg ein mørk hettegenser eller jakke.

Vil kome i kontakt med turgåar

Politiet ynskjer å kome i kontakt med andre som har vore i dette området laurdag kveld. Jenta har nemnt at ho trefte ein annan turgåar med hund like før ho vart overfallen.

Politiet har oppretta sak på hendinga og vil etterforske den vidare. Dei ber om tips på telefonnummer: 55 51 85 00 eller 02800.

– Så langt har me ikkje motteke tips i denne saka. Me er svært interessert i å snakke med personar som kan ha sett eller høyrt noko, seier Opdal.