NRK Meny
Normal

Politiet jaktar på blottar i Bergen

Mann skal ha blotta seg for ei 21 år gamal kvinne i ein gangtunnel på Nygårdshøyden.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet har no etterlyst mannen, som skal vera i 30-åra, skriv Bergens Tidende. Det var søndag kveld at mannen skal ha følgt etter kvinna inn i ein gangtunnel på Nygårdshøyden i Bergen.

Kvinna har forklart til politiet at ho var på veg frå sentrum mot Sjøfartsmuseet, då ho får auga på ein mann som gøymer seg bak ein mur. Førstebetjent Jannike Bremar Johannesen ved vald- og sedelighetsavsnittet hjå Bergen sentrum politistasjon seier til avisa at kvinna merka at nokon var bak ho då ho var kome inn i tunnelen.

– Då ho snur seg, står mannen tre-fire meter unna og har tatt ut penis. Han heldt rundt den og gjorde bevegelsar.

Prøvde å melde frå

Mannen skal ifølgje kvinna ha flirt under blottinga, som tok slutt når det kom andre folk inn i tunnelen. Den 21 år gamle kvinna prøvde å melde forholdet til politiet same natt, men kom ikkje gjennom til politiet.

Politiet ber no om tips og opplysningar frå publikum. Kvinna skal ha forklart at mannen truleg var austeuropeisk, med mørkt kort hår og kring 175 cm høg. Mannen hadde mørk hettejakke og mørk bukse.

Dette er den andre saka som involverer blotting i Bergen sentrum på kort tid. Seint på kvelden 16. mai fekk politiet inn melding frå ei jente som vart utsett for blotting på Sydneshaugen. Etter blottinga følgde vedkommande etter jenta til bustaden hennar i nærleiken. Han følgde ho inn i oppgangen, men jenta klarte å komme seg inn i leilegheita.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.