Hopp til innhold

– Politiet i vest får 300 færre folk enn det nasjonale målet tilseier

Vest politidistrikt har lågast politidekning i heile landet. I år får dei pengar til 17 nye polititenestemenn. – Alt for lite, meiner Politiets Fellesforbund.

Væpnet politi i Bergen sentrum etter knivran hos Sykkelpikene

LANGT UNDER: Samanlikna med det nasjonale målet for politidekning manglar Vest politidistrikt over 300 polititenestemenn også etter at det blir ein liten auke i 2019. Arkivfoto.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Samanlikna med det nasjonale målet for politidekning, manglar Vest politidistrikt då framleis over 300 stillingar.

– Me er jo sjølvsagt glade for alle nye stillingar me får, men 17 fleire er langt frå nok.

Det seier leiar Kjetil Rekdal i Politiets Fellesforbund Vest.

Fredag vart budsjettet for politidistrikta offentleggjort. Det viser kor mykje dei ulike delane av Politi-Noreg får å rutta med i 2019.

– Budsjettvinnar

Totalt er løyvingane til politidistrikta auka med 640 millionar kroner, ein auke på 5,1 prosent. Budsjettet var 12.651 milliardar kroner i 2018, og er 13.291 milliardar kroner i år.

– Politidistrikta er vinnarane i årets budsjettfordeling. Det er eg godt nøgd med.

Det skriv stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) i ei pressemelding.

– Dette betyr meir synleg politi, som tryggjer kvardagen for folk.

Statlege løyvingar til politidistrikta (i millionar kroner)

Politidistrikt

2018

2019

Endring

Totalt

12.651

13.291

5,1%

Oslo

3126

3269

4,3%

Øst

1636

1750

7,0%

Innlandet

799

833

4,2%

Sør-øst

1433

1503

4,9%

Agder

626

656

4,8%

Sør-vest

1044

1097

5,1%

Vest

1204

1270

5,5%

Møre og Romsdal

508

537

5,6%

Trøndelag

924

969

4,8%

Nordland

568

593

4,5%

Troms

429

454

5,9%

Finnmark

354

370

4,6%

Færrast i landet

For heile politi-Noreg samla har Stortinget sett eit mål om 2 polititenestemenn per 1000 innbyggjarar. Rekdal meiner alle politidistrikt burde ha så god dekning.

– Det er sjølvsagt ulike utfordringar i kvart distrikt. Men Vest politidistrikt har såpass store utfordringar med storbyproblematikk, store geografiske avstandar, og olje- og gassinstallasjonane på Sture, Kolsnes og Mongstad at me ikkje bør ligga lågast i landet.

Kjetil Rekdal i Politiets Fellesforbund

IKKJE NØGD: Leiar Kjetil Rekdal i Politiets Fellesforbund Vest meiner 17 fleire polititenestemenn på langt nær fyller behovet i Vest politidistrikt.

Foto: NRK

Han viser til at Vest politidistrikt er eit av landets mest underbemanna politidistrikt.

– Me har ei politidekning på 1,45 stillingar per 1000 innbyggjarar, og er sjølvsagt ikkje nøgde med det. Me bør opp til 2.

Berre Møre og Romsdal politidistrikt har like låg politidekning. På toppen ligg Finnmark med 3,06 og Oslo med 2,39 (sjå faktaboks nede).

Manglar 300 politifolk

Vest politidistrikt dekker Hordaland (minus fem kommunar) og Sogn og Fjordane. I følge den nyaste statistikken frå Politidirektoratet har dette politidistriktet 855 polititenestemenn.

Viss dei 589.500 innbyggjarane der skulle hatt ei politidekning i tråd med det nasjonale målet, skulle det vore 1180 polititenestemenn i dette distriktet.

I høve til dette manglar det over 300 stillingar, sjølv etter påplussinga med 17 ekstra i årets budsjett.

Bergen politikammer

– TYNT BEMANNA: Vest politidistrikt har den dårlegaste politidekninga i landet, langt under det nasjonale målet politikarane har sett.

Foto: Mette Anthun / NRK

I Vest politidistrikt er 2019-budsjettet 1270 millionar kroner, 66 millionar kroner meir enn i fjor og 17 nye årsverk.

– Dette er mellom politidistrikta som får flest nye stillingar i 2019.

Det skriv stortingsrepresentant Frida Melvær i Høgre i ei pressemelding.

Rekdal er ikkje imponert.

– Det gjer oss betre i stand til å møta utfordringane i forhold til publikums forventningar og politikaranes mål, men er for lite.