Hopp til innhold

No har politiet over 4700 saker på vent

Talet på politimelde saker går ned, men politiet i Hordaland brukar lenger tid på kvar sak. – Monika-saka har tatt mykje merksemd, og svekka kapasiteten, seier visepolitimeister.

Visepolitimester John Reidar Nilsen i Vest politidistrikt

SVEKKA: Visepolitimeister John Reidar Nilsen la fram resultata for gamle Hordaland politidistrikt i dag.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Politiet i Hordaland presenterte tysdag resultata for 2015 på ein pressekonferanse på politihuset. Resultata gjeld for tidlegare Hordaland politidistrikt, som no er slått saman med Sogn og Fjordane i nye Vest politidistrikt.

Ein av statistikkane som uroar politileiinga i distriktet er det høge talet på saker som ikkje er påtaleavgjort, såkalla restansesaker. Ved utgangen av 2015 hadde Hordaland politidistrikt over 4700 slike saker som har lagt for lenge.

– Det er for høgt. Dette er saker som har lagt i fleire månadar, og vi har eit bevisst fokus for 2016 å få ned dette talet, seier visepolitimeiser John Reidar Nilsen til NRK.

Politihuset i Bergen

MANGE SAKER PÅ VENT: Talet på saker som ligg for lenge har gått opp igjen i Hordaland. Politidistriktet

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Monika-saka tok ressursar

Utviklinga er negativ i forhold til 2014. Då klarte politiet å gjera eit kraftig innhogg i dei sakene som hadde lagt for lenge frå 2013, og fekk avgjort fleire gamle saker.

No har altså talet på liggande saker gått opp igjen. Totalt er det 4779 saker som ikkje er påtaleavgjort.

Tal på restansar (saker eldre enn tre månadar)

2011

2012

2013

2014

2015

Ikkje påtaleavgjorde saker

3293

3845

4662

4041

4779

Påtaleavgjorde saker

6093

6661

6096

7118

5540

I alt

9368

10 506

10 578

11 159

10 319

Kjelde: Hordaland politidistrikt

Ein av forklaringane til Nilsen er den kjende Monika-saka, som skaka politiet i 2014 og 2015. Saka er no sendt til påtaleavgjerd hjå statsadvokaten, men Nilsen seier det er ei sak som har tatt store ressursar.

– Det er mange som har vore involvert i denne etterforskinga. Den har tatt mykje merksemd, som igjen har svekka kapasiteten.

12 påtalejuristar forsvann

Målet for 2016 er altså å få ned talet på restansesaker, men visepolitimeisteren vil ikkje opplysa om kor dei bør ligga.

– Vi må komme ned på eit tal som gjer at vi har balanse mellom saker som vert sluttført, og dei sakene som ligg i porteføljen vår. Vi må betydeleg ned.

Nilsen peikar også på at politidistriktet i 2015 opplevde eit mannefall i talet på påtalejuristar. I alt har 12 juristar anten slutta eller tatt permisjon det siste året.

– Vi har vore nøydd til å erstatta dei. Det har gått merkbart utover kapasiteten at vi har hatt ei så stor utskifting av påtalejuristar.