NRK Meny
Normal

Løfta av dørglaset og stal familiegullet – politiet trur omstreifande bande står bak

GODVIK (NRK): Politiet trur 13 innbrot på Vestlandet denne helga har ein samanheng. Tjuvane går målretta etter gull og smykke.

Samboerpar, tyveri

BREKKJERN: Truleg har tjuvane brote opp terrassedøra med eit brekkjern. Glaset stod pent plassert ved sida av, heilt intakt.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Det er skremmande. Ekkelt. Det er nesten sånn at eg ikkje veit om eg tør å legge meg på kvelden.

Astrid Inger Bernes (73) og Kåre-Jan Petersen (69) står på ein haug av klede inne på sitt eige soverom. Her har nokon vore i helga.

Då sambuarparet natt til måndag kom heim frå ein helgetur på Sørlandet, flaut tinga deira rundt i huset. Listene på terrassedøra var fjerna, og glaset forsiktig løfta ut.

– Du får jo sjokk. Det er ikkje noko hyggeleg, seier Petersen.

Sambuarpar Godvik

EKKELT: Sambuarparet fortel om ei ekkel kjensle over at tjuvar har vore heime hos dei.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Tok berre gull

Inne i huset stod kamera, fjernsyn og stereoanlegg på plass. Tjuvane hadde gitt blaffen i dei, og gjekk målretta etter ein ting: gull.

– Det låg Seiko-klokker her som dei ikkje brydde seg om. Dei ville berre ha gullringar, seier Petersen.

Tjuvane fekk med seg både gifteringen til Petersens avdøde kone og hans eigen. Dei er ikkje verdt veldig mykje pengar, men har stor affeksjonsverdi, seier Petersen.

Innbrudd

ROT: Tjuvane hadde rota heime hos Bernes og Petersen, noko som er eit fellestrekk for dei ni innbrota i Bergen, ifølgje politiet.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Trur kriminelle reiser rundt i Noreg

Innbrotet er eitt av ni tjuvtokt i Bergen denne helga, dei fleste i Bergen vest. Politioverbetjent Svein Føllesdal seier at det byrjar å nærma seg ei innbrotsbølge.

Dei ser likskapstrekk mellom innbrota.

– Det ser ut som dei stort sett brukar same framgangsmåte. Det er å fjerne vindauge og rote rundt når de først er inne. Det ser ut som dei hovudsakleg tek gull og smykke.

Politiet fann spor frå to forskjellige par sko på terrassen til Bernes og Petersen. Han seier at dei ikkje har nokon konkrete mistenkte i saka, men at dei trur det kan vere omreisande kriminelle som står bak.

– Vi mistenkjer at det kan vere dei same som har vore i Sør-Vest politidistrikt òg, så det kan virke som om det er personar som reiser litt rundt i landet og driv på med dette.

I helga var det tre innbrot på Karmøy og eitt i Tysvær.

Svein Føllesdal

SJELDAN: Svein Føllesdal er seksjonsleiar i etterforskingsavsnittet på Bergen vest politistasjon. Han seier det er sjeldan dei ser ni innbrot på så kort tid.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Skremt vekk av alarm på Mathopen

Også Mathopen-bebuar Erik Abrahamsen fann terrassedøra si utan glas i veka som gjekk. Tysdag morgon blei tjuverialarmen med rørslesensor løyst ut medan han var ute av huset, noko som skremde tjuvane vekk.

Han har budd på same plass i 30 år, og seier det er veldig uvanleg at det skjer innbrot.

– Tida går fort, men eg trur det er 15–20 år sidan sist innbrot. Då skaffa dei fleste her seg alarm. Eg oppfordrar folk til å vere obs på framande bilar og personar, og å bruke alarm når dei har ein, seier han.

Siste video

Da Tony Martin syklet opp Fløyen grep politiet inn mot en tilskuer som kom for nærme.
Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.