Hopp til innhold

Politiet frikjent for rasisme

Spesialeininga for politisaker frikjenner dei to politibetjentane i Vest politidistrikt som vart melde for diskriminering og trakassering, etter at dei stoppa ein mørkhuda forskar i Bergen sentrum og forlanga legitimasjon. Det skriv BT. Politiet mistenkte at kvinna, som har afrikansk bakgrunn og vaks opp i Sverige, opphaldt seg ulovleg i landet. Saka vert no lagt vekk.