Hopp til innhold

Politiet forsikrar: – Ingen ny ranstrend i Bergen

BERGEN (NRK): Fire personar vart utsett for ran og ransforsøk same dag denne veka. Likevel lovar politiet at det er ingen grunn til å bli redd.

Even Aspli

Politiførstebetjent Even Aspli ved Bergen sentrum politistasjon meiner det ikkje er grunn til å vere redd for ran.

Foto: Elise Angell / NRK

Meldinga om det første ranet kom inn til politiet i Bergen klokka 08.30 onsdag morgon. Ei 19 år gamal kvinne tok ut pengar frå ein minibank i Bergen sentrum og vart så truga av ein mann med kniv.

Få minutt seinare fekk politiet melding om nok eit ransforsøk med kniv, denne gongen på Nedre Korskirkealmenningen.

– Eg kom gåande og ein ung mann kom mot meg. Eg såg ikkje før han var like opp i meg at han hadde dekka ansikt og kniv med seg, seier Camilla Mowinckel (42).

Ville ha pengar

Mowinckel er ei av fire som skal ha blitt utsett for ransforsøk med kniv i Bergen onsdag denne veka.

– Eg hadde ingen pengar, ikkje ei krone. Han gjentok at han ville ha pengar. Då slo det meg at han ikkje tok eit nei for eit nei, seier Mowinckel.

Ho måtte forklare at det ikkje vart noko ran.

– Eg sa til han at om han stakk meg med kniven, så ville eg ende opp på sjukehuset og han ville ende opp i fengsel. Og framleis ville han ikkje ha nokre pengar, seier Mowinckel.

Camilla Mowinckel

Camilla Mowinckel vart forsøkt rana med kniv på Nedre Korskirkealmenningen.

Foto: Sidsel Rikheim / NRK

Ingen grunn til å vere redd

André Miguel (16) melde og til politiet om eit mogleg ransforsøk med kniv på onsdag.

– Eg har aldri blitt utsett for noko likande. At det er så mange som har blitt rana på same dag synest eg ikkje er noko kjekt. Eg synest det er skummelt om utviklinga er sånn, seier André.

Men politiet meiner det ikkje er grunn til å vere redd. Ifølge politiet er det høgst uvanleg med så mange slike hendingar på same dag.

– Ut ifrå den statistikken vi har, så er det ingen ranstrend i Bergen sentrum. Det var ein ekstraordinær dag med tre forhold ganske kjapt og eit fjerde seinare på dagen, seier politiførstebetjent Even Aspli ved Bergen sentrum politistasjon.

Minibank knivran Bergen sentrum

Ved denne minibanken ved McDonald's like ved Bryggen i Bergen vart ei 19 år gamal kvinne rana med kniv og fråteken pengar onsdag morgon.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Hadde uflaks

Klokka 12.40 onsdag opplyste politiet at dei etter fleire timars leiting hadde arrestert ein mann på ei adresse i Fyllingsdalen. Ein 20 år gamal er sikta for tre av forholda og har blitt framstilt for varetektsfengsling.

Mowinckel valde å fortelje om det ho opplevde til TV2 tidlegare i veka. Sjølv om ho faktisk vart trua med kniv opplevde ho det som lite dramatisk.

– Eg gjekk vidare og først då gjekk det opp for meg at det hadde vore eit ransforsøk. Eg hadde berre uflaks at han og eg var på same stad. Oddsa er veldig små, seier Mowinckel.