Politiet fjernar aksjonistar

Politiet måtte bruka makt for å fjerna aksjonistar ved Rong utanfor Voss.

Det er berre to dagar sidan sist aksjonistar forstyrra Statnett sitt arbeid med kraftlinja i Hardanger . Onsdag morgon var dei på plass igjen, denne gongen ved Rong utanfor Voss.

Statnett har tidlegare bedt aksjonistane om å fjerna seg, men det har ikkje ført fram. Statnett gjekk difor i dag til det skrittet å kontakta politiet.

– Me har bedt dei om å flytta seg, og har gitt dei ein tidsfrist på det. Då desse aksjonistane valde å bli verande har me bedt politiet om hjelp for å få tilgang til arbeidsstaden, seier kommunikasjonssjef Irene Meldal i Statnett til NRK.

Det er ikkje lenge sidan sist politiet måtte tilkallast i samband med at aksjonistane blokkerte eit helikopter . Då flytta aksjonistane seg før politiet kom til staden.

Risiko forbunde med aktivitetane

Irene Meldal

Kommunikasjonssjef Irene Meldal i Statnett.

Foto: Statnett

Ho opplyser at dette blir gjort av omsyn til aksjonistane og medarbeidarane sin tryggleik.

– Det å frakta materiale med helikopter er ein aktivitet som er forbunde med risiko. Difor ønskjer me å jobba frå ein stad der det ikkje er menneske, seier Meldal.

– Kva vil skje vidare?

– Dette er no ein politisak, så det er opp til politiet korleis dei handterer denne saka, seier Irene Meldal.

Vil få pålegg om å fjerna seg

Klokka 14.30 kunne visepolitimester i Hordaland politidistrikt, John Reidar Nilsen, fortelje at politiet på Voss er på vei til staden for å be aksjonistane om å fjerna seg.
– Voss lensmannsdistrikt har reist til staden for å komma i dialog med dei som demonstrerar.

Ut i frå desse samtalane vil politiet vurdera eventuelle tiltak.

– Kva tiltak er det snakk om?

– Konsekvensane av å ikkje etterkoma pålegg frå politiet, herunder å fjerna seg frå staden, er at ein risikerar å bli bøtelagd og fjerna frå staden.

Fraktas til Bergen

Dersom aksjonistane etter pålegg om å fjerna seg, returnerar til staden, vil dette få konsekvensar.

Klokka 16 kunne Nilsen fortjelja at aksjonistane nekta og flytta seg. Difor er politiet i gong med å fjerna aksjonistane i puljar.
– Vi har starta arbeidet med å fjerna demonstrantane frå staden.

Aksjonistane vert frakta til Bergen.

Let seg ikkje skremma av bøter

– Vi vil seia til politiet at vi ikkje kjem til å flytta oss. Det må i tilfelle politiet gjera med makt. Det vil også bli fylt på med fleire folk dersom dei fjernar nokon av oss, sier Magne Hagesæter som er pressekontakt for dagens aksjon til NRK.

Aksjonistane let seg ikkje skremma av bøtelegging.

– Vi blir ikkje så veldig skremt av dei bøtene, dei er vi forberedt på.

Han kan ikkje svara på om aksjonistane må betala eventuelle bøter dei pådreg seg under aksjonen av eiga lomme.

"D-dagen"

Aksjonistane omtaler slaget i dag som "D-dagen" for Hardanger.

– 30 arbeidarar frå Statnett har blitt hindra i arbeidet på eit lasteområdet ved Rong. Aksjonistane fryktar at mastedelane skal brukast for å setta opp master innover i Hardangerfjorden, og er dei førebudde på å bli fleire dagar, seier Hagesæter.

Bøtene det er snakk om ligger på rundt 10.000 kroner.

Raudt-leiar arrestert

Turid Thomassen

Turid Thomassen under demonstrasjonen ved Rong.

Foto: Magne Hagesæter

NRK har motteke ein pressemelding om at Raudt-leiar, Turid Thomassen, er pågripen og fjerna frå staden av politiet.

– Eg er frykteleg stolt over å ha vore med på denne aksjonen og skal ta min straff, seier Thomassen i pressemeldinga.

Ho meinar at sivil ulydigheit er eit sterkt verkemiddel som ho meinar at andre politikarar og mediefjes og burde ha vore med på.

– Sivil ulydigheit er eit sterkt verkemiddel. Men når myndigheitane ikkje er villege til å lytta til argumentane mot den planlagde raseringinga av uberørd natur, då er det nødvendig å bruka sivil ulydigheit for å tvinge dei til å tenka seg om ein gong til. Særleg fordi denne saka har ein så enkel og opplagt løysing, seier Rødt-leiaren.

Ni personar vart onsdag pågripne av politiet og frakta til Bergen. Der vil dei bli ilagt førelegg, eller eventuelt avhøyrde dersom dei ikkje godtar førelegget.