Hopp til innhold

Politiet får tilgang på nøkkelbevis etter masseslagsmålet

Bilete og video frå knivslagsmålet på Møhlenpris i Bergen kan gi sentrale svar. – Dette er til stor hjelp, seier politiet.

Rundt 20 personer barket sammen, fire personer pågrepet, etter stort slagsmål i Bergen sentrum.

BEVIS: Politiet ville sikre seg fleire videoar for å bruke dei i etterforskinga av knivslagsmålet.

Politiet har dei siste dagane jobba kontinuerleg med å få tak i videoane frå masseslagsmålet på Møhlenpris, men vitnet som filma har nekta å gje dei frå seg.

Videoane som NRK har fått tilsendt av eit av mange vitne, viser store deler av knivslagsmålet. Ein kan tydeleg sjå personar som går til åtak på kvarandre med kniv, belte, slag og spark.

Ein av mennene med kniv vert tydeleg identifisert gjennom filmane.

– Stor hjelp

Men politiet har sidan onsdag kveld etterforska saka, utan å kunne sjå dei sentrale bevisa. Eit av vitna, som dokumenterte slagsmålet, har så langt ikkje ville gje dei frå seg.

No får politiet likevel tilsendt fotomaterialet, etter at vitnet ombestemte seg. Fredag ettermiddag fekk politiet tilgang på dei usensurerte versjonane av videoane som mellom anna NRK har publisert.

Politiadvokat Ørjan Ogne fortel at det er til stor hjelp i etterforskinga.

– Dette gjev oss høve til å sjå korleis dette gjekk føre seg. No vil vi kunne sjå om vi har avhøyrt dei rette personane, og får eit betre bilete av kven vi må snakke med og kva som har skjedd, seier han.

Vitnet oppgjer til NRK at han har snakka med personar rundt seg, og bestemt seg for å likevel overlevere videoane til politiet.

Knivstikking på Møhlenpris - anonymisert

BRUKTE KNIV: Ein 25-åring fekk lettare knivskadar i skuldra etter slagsmålet på Møhlenpris.

Foto: Privat

Vondt blod

Masseslagsmålet som gjekk føre seg på idrettsbana på Møhlenpris, skal ha vore eit gjengoppgjer. Det er snakk om to grupperingar som ifølgje Ogne skal ha hatt usemjer frå tidlegare.

Ørjan Ogne i fengsling for drap i Åsane

FÅR EIT BETRE BILETE: Politiadvokat Ørjan Ogne seier at videomaterialet vil gje politiet betre oversikt over kva som gjekk føre seg under masseslagsmålet.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Det er ingen løyndom at desse to gruppene har vore i klammeri med kvarandre tidlegare, og vi har politisaker på dei frå før, seier han.

Førebels er fire personar er sikta i saka, høvesvis for grov kroppsskade eller medverking til dette. Politiet ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å sikte fleire etter at dei har sett videoane.

Dyveke Buanes

SVÆRT VIKTIG: For distriktsredaktør i NRK Hordaland, Dyveke Buanes, er det uaktuelt å bryte kjeldevernet. – Det er svært viktig for oss å vareta dette, seier ho.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Kjeldevernet står sterkt

NRK fekk torsdag førespurnad frå politiet om hjelp til å få tak i videoane. Distriktsredaktør for NRK Hordaland, Dyveke Buanes, forklarar at det var uaktuelt å sende materialet til politiet.

– Sjølv om eg har stor forståing for politiet sitt ynskje, kunne eg ikkje svare ja på førespurnaden. Som redaktør er det umogleg for meg å gje vidare upublisert materiale utan samtykke frå den som har film eller teke bileta. Det handlar om kjeldevern, og det er svært viktig for oss å vareta, seier ho.