Hopp til innhold

Politiet etterforskar 13 innbrot

Politiet i Bergen sør har hendene fulle etter innbrotsbølge i haust. No sjekkar dei fingeravtrykk og DNA-spor for å sjekke om det er ei samanheng.

Sjef for bergen sør politistasjon, Morten Ørn

13 INNBROT: Politistasjonssjef Morten Ørn og resten av politiet i Bergen sør har hendene fulle etter mange innbrot i haust.

Foto: Mikal Olsen Lerøen

– Vi ser ikkje bort frå noko og etterforskar alle sakene som om det er ein samanheng, seier politistasjonssjef Morten Ørn ved Bergen sør politistasjon.

Han har i løpet av hausten sett at ei bølge med innbrot har ramma husstandar i Bergen sør. Berre sist helg vart det meldt om fem innbrot. Tjuvane har den siste halvanna månaden slått til både på adresser ved Øvsttun, Paradis, Rådalen, Sandsli og Fana.

– Eg har ikkje opplevd makan sidan eg byrja her i 2012, sa Ørn til Fanaposten i oktober.

Totalt har politiet no 13 innbrot på etterforskingslista.

Sjekkar DNA og fingeravtrykk

– Vi gjer vårt yttarste for å løyse sakene. Vi har sikra spor i alle bustadane, og ein del er sendt til nærmare analyse, fortel Ørn.

– Kva type spor er det?

– Vi har fingeravtrykk, verktøyspor og DNA-avtrykk. Gjerningsmennene må vera kjent for oss frå før av om vi skal få treff, men det er uansett interessant å få svar på om fingeravtrykka matchar kvarandre på åstadane. Då er det lettare å slå fast at det er ein samanheng mellom innbrota, forklarar Ørn.

Stel nettbrett og smykke

I dei første innbrotssakene i oktober gjekk nettbrett igjen på lista over ting som vart tatt bort. Medan mykje sølvtøy har forsvunne på dei siste sakene.

– Derfor kan vi ikkje vere sikre på at same gjerningsperson står bak. I alle sakene er også smykke og pengar stelt.

Også i fjor herja innbrotstjuvar i Bergen sør. Fanaposten melde om 33 innbrot på fire månadar på Paradis/Tveiterås, Hop/Skjold og Øvsttun.