Hopp til innhold

Peika på forbipasserande med pistol

Ein aggressiv mann peika på tilfeldig forbipasserande med pistol på Gyldenpris i ettermiddag.

Politiet har no arrestert mannen ikkje langt i frå der dei først fekk melding om at han var observert.

– Vi fekk meldingar om at han var hissig og utagerande. No vil han bli tatt med til legevakt for å bli tatt blodprøve av, før vi set han i fengsling forvaring, seier operasjonsleiar i politiet, Morten Kronen.

Mannen vil bli sikta for trugslar med skytevåpen, fordi fleire vitner har fortalt at dei har blitt peika på med pistol.

Mannen skal også ha vore væpna med kniv, men politiet har ikkje funne denne.

– Pågripinga var udramatisk, og vi sjekkar no om vi kan finne kniven han skal ha hatt på seg også, avsluttar Kronen.