Hopp til innhold

Politiet advarar om svært glatte vegar i heile fylket

– Det er masse bilar som har køyrt av vegen i dag, seier operasjonsleiar i politiet, Gustav Landro.

Glatte veier Kvamskogen

GLATTE VEGAR: Det er meldt om glatte vegar over heile fylket. Dette bildet er frå Kvamskogen.

Foto: Statens Vegvesen

Det har strøyma inn med meldingar til både politiet og vegtrafikksentralen om trafikkuhell og utforkøyringar sidan morgonkvisten i dag.

– Dei fleste utforkøyringane verkar å ha skjedd på grunn av glatte vegar. Me har fått veldig mange meldingar, kor mange veit eg ikkje, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Gustav Landro.

Spesielt glatt skal det vere på vegane på Askøy og Sotra, mellom Fjell og Sund.

Strøbilar jobbar på spreng

Gustav M. Landro

– SVÆRT GLATT: Det er svært glatt på vegane i fylket i dag. Politiet oppmodar folk om å køyre forsiktig.

Foto: Steinar Nedkvitne

Ei kvinne er sendt til Haukeland sjukehus etter ei utforkøyring på Åsebø på Askøy. Skadeomfanget er ikkje kjent.

Politiet seier dei ikkje har fått meldingar om alvorlege ulukker eller store personskadar.

– Det har roa seg litt med meldingane no. Me håpar det betrar seg vidare no som sola er i ferd med å komme fram. Men det kan fort endre seg igjen, når fleire legg ut på vegane ut over dagen, seier Landro.

Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Marius Råve, seier folk bør køyre forsiktig.

– Me har masse strøbilar ute no. Det verkar som at dei har fått salta det meste av vegstrekningar, men det kan vere greitt å ta det med ro og vere obs på at det er svært glatt i dag.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold