Politiet i Bergen fekk mandag inn ei heller uvanleg melding. I det respektable nabolaget på Helleneset suste ei naken kvinne rundt på motorsykkel.
- Reine pornografien
Illustrasjonsfoto: Scanpix
Som seg gjerne hør og bør tok ei av nabofruene kontakt med lovens lange arm. Den eldre kvinna krevde i følgje BT politiaksjon mot den nakne motorsyklisten i gata.
Ifølge nabokvinna var det reine pornografien, og ho håpte inderlig at politiet ville ordne opp, sporenstreks.
Kort tid etter var første ivrige tenestemann på staden.
Lettkledd filminnspeling
Det viste seg raskt at kvinnen var med i innspelinga av ein reklamefilm for Harley Davidson, og då politiet kom fram var alle påkledd, også dama på Harleyen. Rett nok var det ikkje snakk om dei store plagga...
På grunn av reaksjonane frå naboane måtte politiet pent be filmteamet om å pakke sakene sine og avslutte filminga.
Andre konsekvensar får ikkje hendinga for verken teamet, Harley Davidson eller kvinna. Av det vesle ho hadde på seg var korrekt verneutstyr...