Hopp til innhold

Mann tatt i væpna aksjon i Bergen

Politiet sette i verk ein større væpna politiaksjon i Bergen, etter at ein mann kom med trugsmål mot både forsvaret og politiet.

Politiaksjon i Loddefjord

Væpna politi står plassert i rundkøyringa ved Vestkanten kjøpesenter i Loddefjord.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Politiet skriv i ei pressemelding at trugsmåla ikkje var spesifikke, men retta seg mot offentlege styresmakter, forsvaret og politiet.

Politiet fikk meldinger om at mannen kom med trugslar rundt klokka 14.

– Mannen vart lokalisert etter kort tid og politiets sin eigen forhandlar fekk kontakt med vedkommande på telefon, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Fleire har observert væpna politi i rundkøyringa på riksveg 558, like ved Vestkanten kjøpesenter i Loddefjord.

NRK får opplyst av tipsarar at det også vart sperra av eit område ved Haakonsvern.

Arrestert

Etter ein kort samtale med politiet på telefon, gjekk mannen med på å møta politistyrkane.

– Han vart pågripen utan dramatikk. I første omgang blir han no tatt med til politihuset for vidare undersøkingar, avsluttar Rebnord.

Politiet har vore tilbakehaldne med informasjon om saka. To timar etter aksjonen svarer dei på telefon, men dei vil ikkje seie meir om kva som var innhaldet i trugslane.

– Eg har ikkje meir å seie enn det som står i pressemeldinga, seier operasjonsleiar Terje Magnussen to timar etter aksjonen.

Politiaksjon i Loddefjord