Hopp til innhold

Mann knuste gjenstandar og truga tilsette

Ein mann som gjekk amok på Nav-kontoret i Åsane utløyste ein væpna aksjon i ettermiddag. – Det var veldig skremmande for dei tilsette.

Åsane Nav

PÅ PLASS: Politiet rykka ut til Nav-kontoret i Åsane fredag ettermiddag.

Foto: 03030-tipser

Nav stengt Åsane

STENGT: Det er hengt opp lapp om at Nav-kontoret er mellombels stengt.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

– Me fekk melding klokka 13.39 at ein person inne på Nav-kontoret er trugande og gjer skadeverk, fortel operasjonsleiar Erik Gjesdal.

Politiet har rykka ut med fleire patruljar, og Gjesdal seier vedkommande er ein kjenning av politiet.

– Han er i slutten av 20-åra. Han har forlate staden og vi har fleire patruljar ute for å leite etter han.

Knuste gjenstandar

Ifølgje Gjesdal har mannen knust fleire gjenstandar inne på kontoret.

– Han har også kome med verbale trugslar ovanfor dei tilsette. Ingen av dei tilsette skal ha kome fysisk til skade, fortel operasjonsleiaren.

Politiet skal ha væpna seg i aksjonen. Mannskap har fått vite kva retning mannen gjekk i etter episoden inne på kontoret.

– Veldig skremmande

Jorun Eggen er sosialsjef på Nav-kontoret i Åsane. Ho fortel til NRK at mannen vart veldig sint då han var innom kontoret rundt klokka 13.30.

– Han hadde ein trugande åtferd og dei tilsette vart veldig redde. Så me ringde politiet. Då stakk han av, fortel Eggen.

Mannen øydelagde datamaskiner og anna elektronisk utstyr før han forsvann ut dørene.

– Ingen vart skadde men det var veldig skremmande for dei tilsette. Vi opplevde han som særs trugande.

Har avslutta leitinga

Klokka 14.45 fortel operasjonsleiar Erik Gjesdal at dei har avslutta leitinga etter mannen.

– Vi har søkt etter han, men utan resultat så langt. Dette vil bli følgt opp i løpet av ettermiddagen.

– Kva var grunnen til at dykk væpna dykk?

– Det var sett fram grove trugslar og i samanheng med dei opplysningane vi har om denne personen frå før av, så væpna vi oss.