Hopp til innhold

Politiadvokat krev full frifinning i Monika-saka

Påtaleansvarleg i Monika-saka, Sidsel Isachsen, godtek ikkje at Spesialeininga la vekk saka hennar «etter bevisets stilling».

Politiinspektør Sidsel Isachsen

PÅTALEANSVARLEG: Sidsel Isachsen klagar på Spesialeininga si avgjerd i Monika-saka. Ho godtek ikkje at saka hennar vart lagt vekk «etter bevisets stilling».

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Politiadvokat Sidsel Isachsen har sendt inn klage på vedtaket til Spesialeininga for politisaker.

Det skriv Bergens Tidende onsdag.

– Eg har sendt inn ein klage på hennar vegne. Årsaka er at vi meiner forholdet burde vore lagt vekk som intet straffbart forhold, seier Isachsen sin advokat, Svein Holden, til NRK.

Kvifor meiner dykk at saka hennar må leggast vekk som intet straffbart forhold?

Eg ynskjer ikkje å gå nærare inn på det no. Vi har bedt om dokumentinnsyn i saka, og vil på eit seinare tidspunkt komme tilbake med ein grunding grunngjeving for kvifor vi klagar på vedtaket, seier Holden.

Ingen straff til enkeltpersonar

Monika Sviglinskaja

FUNNE DØD: Monika Sviglinskaja (8). Eks-sambuaren til mora er sikta for drap og sit varetektsfengsla.

Foto: Privat

Etter at mor til Monika, Kristina Sviglinskaja saman med bistandsadvokat Stig Nilsen melde Hordaland politidistrikt for alvorlege manglar og feil i den opphavlege etterforskinga av jenta sin død, har Spesialeininga etterforska politidistriktet sin handtering av Monika-saka.

Konsekvensen vart 100.000 kroner i bot til politidistriktet, medan ingen enkeltpersonar i politiet vart straffa. For to tenestemenn vart saka lagt vekk sidan forholdet i Spesialeininga sine auge var forelda, medan ein etterforskar fekk saka lagt vekk på grunn av intet straffbart forhold.

Var påtaleansvarleg

Sidsel Isachsen er i dag politiadvokat, men var påtaleansvarleg under den opphavlege etterforskinga i 2012.

Det var ho som tok avgjerda om å legge vekk dødsfallet til jenta som sjølvdrap.

Spesialeininga la vekk hennar forhold «etter bevisets stilling», men Isachsen klagar altså på vedtaket og meiner saka burde vore lagt vekk som intet straffbart forhold.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med advokat Svein Holden måndag.

Går til Riksadvokaten

Kristina Sviglinskaja

Kristina Sviglinskaja har også klaga på vedtaket til Spesialeininga.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

I går vart det kjent at Kristina Sviglinskaja også klagar på vedtaket til Spesialeininga. Ho er usamd i at sakene mot polititenestemennene er forelda.

– Min klient har heller ikkje fått svar på dei feila som vart gjort i etterforskinga tilbake i 2012. Ho meiner ho fortener det, sa Stig Nilsen til NRK tysdag.

Om ikkje Spesialeininga kjem med nye konklusjonar hamnar sakene på bordet til Riksadvokaten.