NRK Meny
Normal

– Pokalar er viktigare enn medlemmar

– Idrettslaga har stort fokus på dei beste talenta. Det er ei årsak til at born sluttar i idretten, fortel professor ved Norges idrettshøgskule, Gunnar Breivik.

Basketball frafall

I går fekk idrettskomiteen i Bergen den oppdaterte medlemsstatistikken for 2012. Tala syner at 1 av 3 barnemedlemmar i basketen i Bergen slutta.

Tal for heile landet viser same tendensen. Dei siste 15 åra har prosentdelen gått ned for dei som trenar og konkurrerer i alle greiner i alderen 8 til 24 år.

Jagar pokalar

Basketball

MARCO ANGELOVSKI: – Mange blir pressa enormt av trenarane. Til slutt kjem ein til brestepunktet og gir opp, seier Angelovski.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Professoren meiner at idrettslaga er meir opptekne av å få pokalar i klubbhuset enn å ta seg av medlemmane sine.

– Det stadige problemet med at born sluttar i idrettslaga når dei kjem i tenåra. Ei årsak er at idrettslaga har stort fokus på dei beste talenta.

Marco Angelovski spelar basketball på U15 laget til Frøya. Han fortel at det er mange som opplever å ikkje vera gode nok.

– Mange blir pressa enormt av trenarane. Til slutt kjem ein til brestepunktet og gir opp, seier Angelovski.

– Eg trur grunnen til at dei fleste sluttar rett og slett er at dei ikkje føler seg gode nok.

Vil auke interessa

Ifølgje tala til idrettskomiteen i Bergen er det fotballen som dominerer.

– Utruleg nok er det fotball me skal spele i all slags grisevêr i staden for å vere inne i ein hall. Dei har ikkje skjønt at det er betre å vera inne, ler ho.

Friidrett og symjing er blitt meir populært blant tenåringane. Fleire yngre born har starta med skøyter. Dessutan er det blitt ei veksande interesse for dans og fekting.

Men basketball, og til dels volleyball og handball, har ifølgje årsrapporten ein urovekkjande nedgang i medlemstala blant born og unge. Det fortel styreleiar for Norges Basketballforbund Region Vest, Jeanette Haveland Antoniazzi.

Det er stygt.

No håpar ho å snu den negative trenden, og meiner det er på tide å setje i gong tiltak for å auke interessa.

– Utan rekruttering døyr basketen. Me må inn i skulane for å få basketball opp.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.