Hopp til innhold

Plutseleg dukka varaordføraren opp som både død, «drama queen» og promillekøyrar

– Eg har blitt kalla mykje rart, men denne var ny, seier Kenneth Lyng Karlsen. Kameratane til varaordføraren i Etne har ledd godt av dei stadig rarare koplingane mellom Karlsen og saker i lokalavisa.

Montasje Kenneth Lyng Karlsen

FEILKOPLING: Mange nyheitsartiklar dukkar opp med bilete av varaordføraren i Etne i Google sitt nyheitssøk. No har lokalavisa bedt selskapet om å rette opp i feilen.

Foto: NRK/SKJERMDUMP

Dei siste vekene har eit bilete av nyvald varaordførar Kenneth Lyng Karlsen (Frp) i Etne dukka opp på ei rekkje nyheitstitlar frå lokalavisa Grannar på Google sitt nyheitssøk.

Saker med titlar som «varmgang i pumpa», «mistanke om promille» og «mann omkom» har alle dukka opp med eit bilete av Karlsen.

– Noko av det er jo morosamt, men i dag er det mange som berre les overskrifta snarare enn saka. Bilete av meg under «mann omkom» er jo ganske uheldig, og kan fort spreie seg, seier Karlsen.

Blei kalla «drama-queen»

Det var vener av den ferske varaordføraren som gjorde han merksam på at hans bilete var feilaktig kopla til artiklane. Plutseleg byrja det å renne inn med skjermdumpar på Snapchat og Messenger, med stadig meir lattermilde kommentarar.

Det toppa seg då biletet av varaordføraren også dukka opp under saka «drama-queen svindla butikk».

– Eg har blitt kalla mykje rart, men den var ny, seier Karlsen.

Etter å ha gjort nokre undersøkingar, fann Karlsen ut at feilen oppstår når avisa publiserer saker utan bilete. Google hentar då automatisk eit tilfeldig bilete frå nettstaden, som vil dukke opp på alle saker som manglar eit hovudbilete.

Kenneth Lyng Karlsen

FLEIRE DØME: Kenneth Lyng Karlsen ser mellom anna ut til å etterlyse vitne og ha vore involvert i fleire trafikkuhell.

Foto: Skjermdump

Har kontakta Google

Dagleg leiar i Grannar, Arve Skogen, fortel at avisa no har teke kontakt med Google og bedt dei endre eller fjerne sakene som ligg ute med feilkoplinga.

Avisa har òg opplevd eit liknande tilfelle for ei stund tilbake.

– Det er typisk på notisar og hendingar at dette har skjedd. No har vi lagt inn eit logobilete for å unngå at dette skal skje igjen, seier Skogen.

Avisa veit ikkje kor lang tid det vil gå før artiklane som alt ligg ute vil bli endra av Google, men håpar på rask respons.

Sjølv tek varaordføraren det heile med godt humør.

– Men no tenkjer eg at Grannar får ordne opp, seier Karlsen.

Debatt Etne Kenneth Lyng Karlsen

VALKAMP: Kenneth Lyng Karlsen var mykje i lokalavisa i valkampen. Dei fleste av sakene der hans bilete feilaktig dukka opp blei publisert i dette tidsrommet. Her under NRK-debatten i Etne.

Foto: NRK