Hopp til innhold

Plattformrigg sleit seg utanfor Bergen

Ein flyttbar bustadrigg låg og dreiv vest for Bergen natt til måndag. 15 personar vart evakuert.

Første meldinga kom klokka 21:20 sundag, og meldinga var då at bustadriggen Safe Bristolia hadde vore under slep, og skal ha slite seg. Riggen låg og dreiv.

Riggen var då under slep frå Nordsjøen og inn til Hanøytangen utanfor Bergen, og grunna dårleg vêr rauk slepet som dei to slepefartøya BB Troll og Odin Viking hadde festa i riggen.

Det var Dagbladet som først omtalte saka.

Evakuerte

– Rundt 23.30 fekk me melding frå oljeplattforma at dei hadde ynskje om å nedbemanne personell som det ikkje var naudsynt å ha om bord, seier Bjørn Jarle Åmlid som er redningsleiar i Hovedredningssentralen i Sør-Noreg til NRK.

15 personar vart henta med redningshelikopter frå Florø og vart flydd inn til Flesland.

Det skal ha vore personar totalt 53 personar på plattforma.

– Føre-var-situasjon

Etter at dei 15 personane vart evakuert klarte slepebåten Odin Viking å få tak i ankerkjettingen på bustadriggen like før klokka 02:30.

– Dermed fekk dei kontroll på flyteriggen, og no jobbar dei med å få sleparar om bord i riggen igjen for å halde fram med slepeoppdraget, seier Åmlid til NRK rundt klokka 05:00.

Det skal ikkje ha vore dramatisk medan riggen låg og dreiv.

– Det var ein føre-var-situasjon der kapteinen om bord vurderte det slik at det beste var å få av dei som dei ikkje var behov for å ha om bord, seier Åmlid.

– Årsaka til det var at plattforma låg og dreiv relativt dårleg været, og den dreiv inn mot kysten. Sjølv om det aldri var veldig nære kysten ville dei evakuere i tilfelle situasjonen skulle forverre seg, seier han.