Hopp til innhold

Plattformer kan bli bruer

Nye bruprosjekt kan bli fleire milliardar kroner billigare ved å bruka delar frå utrangerte oljeinstallasjonar.

Oljeboringsplattformen Statfjord A
Foto: Arkivfoto: Oddvar Walle Jensen / Scanpix

Det er konklusjonen i eit forskningsprosjekt som snart blir lagt fram for Vegdirektoratet.

Ved å bruka både stål og betongfundament frå oljeplattformene, kan det byggast både billigare og større bruer enn i dag.

 

Nyttig til meir enn spiker

- Er det snakk om lange hengebruer på 1000 til 1500 meter, kan ein spara 400 til 500 millionar kroner ved å heller byggja to bruer, seier senioringeniør Bjørn Martin Alsaker i Statens vegvesen.

Han legg snart fram ein FOU-rapport som konkluderer med at utrangerte oljeinstallasjonar kan brukast til meir enn spiker.

Ved å plassera betongfundamenta frå Nordsjøen midt i ein norsk fjord, kan det byggjast bruer som det tidlegare ville vore teknisk og økonomisk vanskeleg å byggja.

Kan spara ein halv milliard

Ei større bru kan bli ein halv millard kroner billigare ved gjenbruk av fundamnet frå Nordsjøen.

Ifølgje Alsaker er det fleire titalls installasjonar som skal fjernast frå Nordsjøen, og fleire blir det i framtida.

Og medan betongfundamenta kan brukast i sjøen, kan stålet bli bærekonstruksjonar i bruene.

Fleire bruprosjekt kan vera aktuelle.

- På landsbasis er det snakk om 30-40 større bruer og eit utal mindre bruer, seier Alsaker.

- Spenstig idé

I tillegg til billigare bruer, vil det også svara seg for dei som leverer dei gamle plattformene, meiner Alsaker.

Hanøytangen utanfor Bergen er ein av stadene der utrangerte plattformer kan bli demonterte, og Magnus Stangeland i Hanøytangen AS trur på ideen.

-  Det er ein spenstig idé som kanskje kan realisera mange bruprosjekt som tidlegare har vore vanskelege å gjennomføra, meiner han.