Hopp til innhold

Måleri inspirert av plastkvalen vann prestisjetung kunstpris

SANDVIKEN (NRK): Då plastkvalen stranda med magen full av plastposar, måtte Frøydis berre male for å få ut kjenslene sine. No skal plastmåleriet ut på turné.

Kunstnar Frøydis Aarseth med prisbelønt bilete.

GAMAL TEKNIKK, MEN NYTT BODSKAP: Med ei målarteknikk frå renessansen har Frøydis Aarseth måla den dagsaktuelle plastproblematikken.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Frøydis Aarseth frå Naustdal har lenge hatt ein draum om å bli ein anerkjent kunstnar. Denne veka fekk ho beskjeden ho ikkje hadde tore å håpa på.

– Må riva oss laus frå plastikken

Av dei 4300 måleria som deltok, blei «Plastic Breaktrough» eit av hundre verk som nådde heilt til topps i ARC Renewal, verdas største konkurranse innanfor klassisk figurativ kunst.

– Ubeskriveleg stort. Eg har sikkert brukt over ein månad på dette måleriet, men no ser eg at tolmodet svarte seg, seier Aarseth.

Måleriet "Plastic Breaktrough" av Frøydis Aarseth

BRYTE IGJENNOM: Aarseth håpar bilete førar til at ho no bryt igjennom som internasjonal kunstnar.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Måleriet er inspirert av den avmagra og sjuke kvalen som blei funne utanfor Sotra i 2017. Då den blei avliva, viste det seg at den hadde magen full av plastposer.

– Bildet gjer kjensle av noko mørkt og kaldt som ein vil bryte seg ut av. Meininga bak er å vise at vi må rive oss laus frå all plastikken me har i dag, seier Aarseth.

Håpar på å bryte igjennom internasjonalt

Prisane inneber at ein designar vil lage et antrekk basert på måleriet, og at det skal stillast ut på Museum of Modern Art i Barcelona og Sotheby's i New York, kor Munch-måleriet «Vampyr» vart sold for 258 millionar kroner i 2008.

– Eg får frysningar berre av å snakke om det, seier Aarseth.

Som 19-åring begynte ho på målarskule i Firenze, før ho blei elev hos sitt store forbilde, målaren Odd Nerdrum.

No håpar kunstnaren at prisen gjer at ho blir lagd merke til internasjonalt.

Frøydis Aarseth pakker inn kunstverket for utstilling i utlandet.

UT I VERDA: Aarseth pakkar inn kunstverket som no skal ut på turné.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

– Som ein olympiade

– Denne type merksemd har mykje å sei for ein ung kunstnar. Dette er jo eit stort internasjonalt stemne, som om ein skiløypar som vinn i ein olympiade, seier professor ved institutt for samtidskunst, ved Universitetet i Bergen, Frans Jacobi.

Han synest målarstilen ofte kan verta gamaldags og tilbakeskuande, men er positivt overraska over måleriet til Aarseth.

– Dette måleriet klarar å få fram eit nytt bodskap, sjølv om kunstnaren brukar ein gamal teknikk, noko som er ganske uvanleg for denne kunstsjangeren.

Inspirert av plastkvalen

Aarseth har lenge gått med ideen i hovudet. Men det var først då plastkvalen stranda på Sotra i januar 2017 at ho fekk seg til å male det prisvinnande bildet.

– Eg er oppteken av klima og miljø. Det er no når eg er blitt eldre at eg vil måle motiv som betyr noko for verda.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

FULL AV PLAST: Gåsenebbkvalen som vart funnen avmagra og sjuk på Sotra i januar 2017 hadde magen full av plastposer.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Kunstnaren trur det tidsaktuelle plastproblemet er noko av grunnen til at måleriet har vunne.

Aarseth er ein av tre norske kunstnarar som vann i konkurransen. Dei andre er biletkunstnar Jon Bøe Paulsen og skulptør Eirik Arnesen.