Hopp til innhold

Plastkval på båre skal fronta klimakampen i 1. mai-tog

Klimaforkjemparar vil ha plastproblematikken på dagsorden på arbeidarane sin dag. Men LO i Oslo og Bergen er delt i spørsmålet.

Plasthval i 1.mai-tog.

PLASTKVAL: Fylt med oransje plastposar skal den tre meter lange plastkvalen symbolisera klimakampen i 1. mai-toget i Bergen.

Foto: Bergen klimanettverk

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Grønn aktivisme og Bergen klimanettverk stiller måndag med ein tre meter lang plastkval i 1. mai-prosesjonen i Bergen.

Kvalen, som er laga av eit hundretals avfallssekkar, symboliserer gåsenebbkvalen som blei avliva vest for Bergen i januar – full i plast.

Klima sel ikkje så godt, men dette er ein bodskap folk forstår.

Turid Heggland, koordinator for Bergen klimanettverk

– Det finst ingen jobbar på ein død planet

– Det er vanskeleg å hamra laus med den same bodskapen, når det viser seg at klimautfordringar er så vanskeleg å formidla, seier koordinator for Bergen klimanettverk, Turid Heggland.

Plastposer i hvalmage
Foto: Terje Lislevand / Universitetet i Bergen

Under parolen «Det finnes ingen jobber på en død planet» ynskjer Klimavalgalliansen i Bergen å fletta klimakampen inn i kampfana for fagrørsla.

I toget skal den oransje kvalen berast på ei båre dekorert med ein bårekrans av falsk tang.

– Det finst nok rapportar og forsking. Me treng ei omlegging av arbeidslivet no.

– Parolar må vera forankra

Ei rekkje miljøorganisasjonar deltek på oppropet under paraplyorganisasjonen Klimavalgalliansen, der også LO er medlem.

I Oslo frontar LO klimasaka med parolar om eit krav om hundre tusen nye klimajobbar.

Mads Wiik Kleven, leder av LO Bergen

YNSKJER REALISME: Leiar av LO i Bergen Mads W. Kleven, meiner klimabodskapen må fremjast i kombinasjon med realistiske forventningar om arbeidsplassar. – Me kan ikkje berre seia nei til industri.

Foto: Morten M. Loberg / Fagforbundet

Men i industrihovudsete Bergen er ein litt meir avmålt. På dei ti sentrale parolane er klima ikkje nemnd.

– Me er opptekne av å ikkje laga parolar som ikkje er forankra. Det må vera eit forhold mellom arbeidsplassar og omstillingar, seier LO-leiar for Bergen og omland, Mads W. Kleven.

Skilje mellom aust og vest

Kleven understrekar at LO i Bergen jobbar for ei gradvis klimaomstilling.

– Men i staden for å krevja hundre tusen nye miljøarbeidsplassar utan å nemna kvar dei skal koma frå, er me opptekne av å finna realistiske løysingar.

I Oslo har klima i fleire år hatt ei sentral rolle i arbeidsrørsla.

Roy Pedersen, leder av LO Oslo

ULIKE UTGANGSPUNKT: LO-leiar Roy Pedersen i Oslo seier det er naturleg at Oslo, som ikkje har den same tilknytinga til offshoreindustrien, trekk fram klima og omstilling i sine markeringar. – Det er naudsynt å starta den prosessen no

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Det skuldast at me erkjenner at me står overfor ein trong for ei grøn omstilling. Det er naudsynt å starta den prosessen no, seier LO-leiar Roy Pedersen.

Pedersen forstår kritikken om at kravet om 100.000 klimaarbeidsplassar er lite konkret, men understrekar viktigheita av å koma i gang.

– Eg er heilt med på at å krevja 100.000 klimaarbeidsplassar er noko vagt. Me er i startfasen, men ein stad må ein altså starta.

Seier me at industrien skal døy, sparkar me beina under oss sjølve.

Mads W. Kleven, leiar av LO i Bergen og omland

– Ein lettare kamp å ta frå Oslo

Då parolane i Bergen skulle veljast, var klima aldri eit aktuelt tema. LO i Bergen lovar likevel at ei samla fagrørsle stiller seg bak den oransje plastkvalen i dagens prosesjon.

I Oslo har Pedersen respekt for at andre parolar kjem først i køen i ei tid der industrien på Vestlandet har slite.

– Dei som har levebrødet sitt i oljenæringa, er sjølvsagt opptekne av deira arbeidsplassar. Skal me få fart på dette, er det kanskje me som står utanfor oljesektoren, og som difor ser utfordringane frå ein meir objektiv ståstad, som må gå i front.