Hopp til innhold

Planlegg skuleavslutning i kyrkja utan bøn og forkynning

Rektorane på Voss droppar julegudstenesta, men har planar om eit alternativ som famnar om alle. – I tråd med lovverket, seier rektoren ved Voss ungdomsskule.

Camilla Fines Aronsen

RELIGION I KONTEKST: Rektor ved Voss ungdomsskule, Camilla Fines Aronsen, meiner alle elevar må få kjennskap til den kristne kulturarven, men ikkje gjennom skulegudsteneste.

Foto: Christian Lura / NRK

– Vi har ikkje spikra planen heilt, men det er eit forslag om ei julesamling i kyrkja der alle elevane kan delta. Det skal ikkje vere bøn, forkynning eller religiøs deltaking, men der kan vere salmar og juleforteljing, seier rektor ved Voss ungdomsskule, Camilla Fines Aronsen.

Det har blitt debatt etter at NRK fortalde at rektorane ved alle skulane på Voss seier nei til julegudstenester i kyrkja i år.

– Det er mange grunnar til at vi ikkje ynskjer at skulane på Voss skal delta på det som har vore ein tradisjon for mange elevar i Norge, seier Aronsen.

Ho fortel at det planlagte arrangementet skal markere slutten av året og setje rituala knytt til julehøgtida inn i ein forklarande kontekst.

Voss Kyrkje

IKKJE SKULEGUDSTENESTE: I Voss kyrkje på Vossevangen kjem ikkje elevane til skulegudsteneste i år.

Foto: Kari Molde

– Vi ynskjer lik praksis og at alle skulane skal stå saman rundt eit nytt opplegg med kyrkja som kan inkludere alle elevane. Det er der vi står no, seier Aronsen.

– Skulle ynskje dei beheldt skulegudstenesta

– Det er flott at ein prøver å finne løysningar når det først har blitt som det blitt, seier nestleiar i KrF, Dagrunn Eriksen.

– Den første beskjeden om at alle rektorane hadde avlyst skulegudstenestene var veldig trist. Det handlar om juletradisjonar, og skulegudstenester høyrer absolutt med i tradisjonen, seier Eriksen.

Dagrunn Eriksen

VIKTIG TRADISJON: KrF-nestleiar Dagrunn Eriksen meiner skulane bør behalda julegudstenesta.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Nokon høyrer til i kyrkja, andre ikkje. Men vi kan vere til stades hjå kvarandre og sjå korleis ein utøver kristen tru. Eg skulle ynskje dei ville behalda skulegudstenesta, seier KrF-nestleiaren.

Vil ha gudstenesta heilt ut

Ingelin Ida Hansen i Human-Etisk Forbund Hordaland er ikkje einig.

– Alle forkynnande arrangement bør ut av skulen og inn i fritida, seier ho.

Human-Etisk Forbund arbeider for å avvikle heile skulegudstenesta i skulen. Hansen skjønar likevel at det ikkje er ein kort prosess.

– Difor vil vi ha ei velfungerande ordning med aktiv påmelding til skulegudstenestene. Det er viktig med likeverdige alternativ, og slik er det ikkje i dag.

Hansen var ei av dei som prøvde seg på alternative opplegg til skulegudsteneste då ho gjekk på skulen.

– Det er snakk om å sitje på skulen, gjerne åleine med ein lærar, og løyse skuleoppgåver. Andre alternative opplegg vi har sett er å rydde skuleplassen for søppel. Det fungerer ikkje, seier Hansen.

Ingelin Ida Hansen, styremedlem Human-Etisk Forbund Hordaland

VIL HA UT SKULEGUDSTENESTA: Ingelin Ida Hansen i Human-Etisk Forbund Hordaland meiner gudstenesta må heilt ut av skulen og inn i fritida.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Det er Dagrun Eriksen einig i.

– Difor er KrF blant dei som har tatt til orde for at vi må ha gode alternativ. Det vil ikkje seie å plukke søppel eller gjere skuleoppgåver medan dei andre er på skulegudsteneste.

– Skummel retorikk

Tidlegare torsdag gjekk styreleiar i Human-Etisk Forbund hardt ut mot Erna Solberg sine utsegn om skulegudstenester i spørjetimen i Stortinget onsdag. Hansen er einig i at det er ein skummel retorikk som blir brukt i debatten rundt gudstenestene.

– Det er trist at vi har ein statsminister som frontar eit opplegg som ekskluderer elevar, medan ho resten av året snakkar om antimobbing og inkludering.

Rektoren ved Voss ungdomsskule er einig med statsministeren i at elevar bør oppleve religion i kontekst, bli kjend med ritualer, song og fellesskap ved kyrkjebesøk.

– Vårt alternativ gir alle elevane kjennskap til den kristne kulturarven, og det er viktig. Vi legg opp til eit alternativ til skulegudsteneste, heilt i tråd med lovverket, seier Aronsen.