Hopp til innhold

Planlegg nye bompengeaksjonar

15.000 bilistar i Bergen blei tysdag oppmoda til å ta bompengebrikka ut av bilen. Det var det svært få som gjorde, men initiativtakaren har fleire planer på lur.

Køprising i Bergen

IKKJE KAOTISK: Ei aksjonsgruppe mot fleire bomringar i Bergen håpte tysdag å skape kaos i bomringane, ved at bilistane fjerna bompengebrikka. Svært få gjorde alvor av det. Biletet er tatt ved eit tidlegare høve.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Protestgruppa mot bompengar i Bergen oppmoda tysdag bilistane til å ta bompengebrikka ut av bilen. Målet var å skape kaos i bomringane i Bergen.

Bakgrunnen er ein hissig debatt rundt forslaget om fleire bomstasjonar og auka bompengesatsar i Bergen.

Her kjem det fram at ein ytre bomring og auka bomtakstar kan doble inntektene til 1,4 milliardar kroner årleg.

Opprør mot bompengar

Tusenvis har no slutta seg til opprøret mot fleire bomringar.

Men tal frå morgonrushet viser ingen endring på køyretøy utan brikke samanlikna med dei to førre tysdagane, opplyser innkrevingsselskapet B&T Signaal.

Leiar i aksjonsgruppa, Trym Aafløy, er likevel ikkje skuffa.

– Sjølv om ein ikkje får dei store utslaga så har denne aksjonen hatt positive resultat. Vi har fått mykje merksemd, og dei som faktisk har tatt vekk brikka har nok opplevd å bidra med noko, seier Aafløy.

Trym Aafløy

LEIAR AKSJONEN: Trym Aafløy starta aksjonen mot fleire bompengar i Bergen. Trass i at få fjerna bompengebrikkene tysdag, er han ikkje skuffa.

Foto: Lars Christian Wallace

Planlegg demonstrasjon

Han trur fleire lét vere å fjerne brikka i dag, då det på førehand var varsla at dette ikkje ville få dei store konsekvensane. Aafløy gir seg ikkje, og har vidare planar for aksjonsgruppa.

– No heldt vi på å kopiere opp underskriftslister. Det er endå viktigare at folk signerer og seier at ein støtter aksjonen, enn at ein tek ut bombrikka.

– Må stå saman

Byrådsleiar i Bergen, Harald Schjelderup (Ap), understrekar at det ikkje finst eit konkret forslag om auka bompengesatsar eller ytre bompengering.

Harald Schjelderup

BILISTANE MÅ BETALE: Byrådsleiar Harad Schjelderup understrekar at det ikkje ligg noko forslag på bordet om fleire bomringar. Han seier bilistane uansett må rekne med å ta ein del av rekninga for vidare utbygging av Bybanen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er snakk om ei fagleg skisse på bakgrunn av at samferdselsdepartementet har sagt at regjeringa maksimum vil betale 50 prosent av den vidare utbygginga av Bybanen. Det aller viktigaste vi gjer no er å stå saman i kravet om at staten skal betale mest mogleg, seier Schjelderup.

Han meiner det er for tidleg å seie om det kan bli aktuelt med ein ytre bomring, før ein har vore i forhandlingar med staten.

– Billistene i Bergen har vore med å betale både for vegar og Bybane tidlegare, og det trur eg nok dei må òg vidare. Men vi må jobbe for at billistene skal betale minst mogleg.

Meiner betre tilbod er naudsynt

Initiativtakar Aafløy meiner politikarane ikkje bør bruke meir pengar enn ein har.

– Viss ein ikkje klarer å finansiere storstilte infrastrukturutbyggingar som Bybanen, så bør ein gå etter løysingar som er enklare og billigare, seier Aafløy.

Schjelderup på si side meiner eit betre buss- og bane-tilbod er heilt nødvendig.

– Skal vi lage ein attraktiv by, gjere noko med den dårlege lufta og få ned klimautslepp, har vi eit ansvar for å gi flest mogleg eit alternativ til privatbilen.