Hopp til innhold

Planlegg 250 nye leilegheiter i Leirvik

LEIRVIK (NRK): I 35 år hadde Gerd og Jon Lund stelt hage og hus, før dei søkte lykka i ei mindre leilegheit. No kan dei få selskap av mange hundre fleire i sentrum av Leirvik.

Gerd og Jon Lund

HØGT OPPE: Gerd og Jon Lund viser fram utsikta frå terrassen i den nye leilegheita deira. Dei flytta frå hus og hage til ei ny leilegheit i Leirvik sentrum nyleg. Det har dei ikkje angra på. No planlegg ein 250 nye leilegheiter i området.

Foto: MARTE ROMMETVEIT / NRK

– Det er ei universal leilegheit med store rom, slik at det skal vera plass til rullestol. Og terrassen er stor, det var ein føresetnad for å flytta, seier pensjonist Gerd Lund.

Ho og ektemannen Jon fann ut einebustaden vart for stor for berre dei to.

– Før eller seinare ville det å bu i eit stort hus med hage og dobbel garasje bli ei utfordring, fortel Jon Lund.

Mange på Stord gjer som dette ekteparet i 70-åra.

Fem selskap med bustadplanar

Fem ulike selskap planlegg til saman 250 nye leilegheiter i Leirvik sentrum dei neste åra.

Spørsmålet er om det blir for mange.

– Det vil visa seg. Me har laga eit prosjekt som me meiner er veldig attraktivt. Det blir tøft for alle som har planar i sentrum, men alle kjem ikkje på ein gong. Slik at over tid vil det gå seg til, seier Magne Jostein Mikkelson i Fronta Næring, som har ansvar for eitt av byggeprosjekta.

Stadig yngre kjøparar

Det er ikkje berre pensjonistar som kjøper leilegheit i sentrum.

– Me merkar at den har vore ein endring dei seinare åra. Når folk kjem i midten av 40-åra og borna byrjar å studera, vil folk kjøpa seg leilegheit. Dei har eit rikt liv utanom einebustaden, seier Andreas Hauge.

Han marknadsansvarleg i det nye Hamnetind sentrumskvartal. Dei planlegg totalt 100 nye leilegheiter på Leirvik.

Hamnetind

SKISSE: Slik vil nye Hamnetind sentrumskvartal kunne sjå ut. Det er planlagt totalt 100 nye leilegheiter i prosjektet.

Foto: Hamnetind

– Er marknad for det

Dagleg leiar i Eiendomsmegler 1 på Stord, Bente Faksnes, trur det vil vera marknad for leilegheitene over tid.

– I eit femårsperspektiv er det nok ikkje marknad for å få seld alle leilegheitene, men viss ein tenker ti år fram i tid er det gode moglegheiter.

Ho trur tendensen med at fleire ønsker seg leilegheit vil bli endå sterkare med tida.

– Mange ønsker å bruka fritida si på noko anna enn å halda ved like hus og hage. Me ser at fok ønsker å reisa, og ikkje vera heime når dei har fri, seier Faksnes.

Ekteparet Lund i Holevegen i Leirvik har ikkje angra eitt sekund på at dei bytta ut einebustaden.

– Med handa på hjarta, så har me frå første dag følt at dette var rett.

Meieriet Stord

GJEV PLASS TIL NYTT: Snart byrjar rivinga av det gamle meieriet i Leirvik, for å gje plass til mellom anna 35 leilegheiter.

Foto: MARTE ROMMETVEIT / NRK